Herold

E16: Utvidar arbeidet frå klokka 19 til 22

Plus
Kilde: Hordaland Author: Stine Carlsen Published: 2026-05-19 09:27:23
E16: Utvidar arbeidet frå klokka 19 til 22

Etter at Hordaland skreiv om asfalteringsarbeidet mellom Vinje og Voss på E16, opplyser Vegtrafikksentralen at dei må utvida arbeidstida.

– Arbeidet som skulle halda på fram til klokka 19 i kveld, vert utvida til klokka 22. Her vert det inntil ein halvtime ventetid, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, Eva Heggeberget Grønland.

– Kva er grunnen til at de utvidar?

– Dette gjer me fordi entreprenøren varslar at arbeidet tek lenger tid enn venta. Asfalteringsarbeidet skal vera ferdig til torsdag, og deretter vert det lysregulering i området.

Resten av vegarbeidet i området går føre seg fram til 26. juni, men då med vesentleg kortare ventetid, opplyser Vegtrafikksentralen.

Asfalteringsarbeidet held fram til same tid onsdag og torsdag, til klokka 19 på kvelden, får Hordaland opplyst.

Her vart det bom stopp for Linn Jeanette: – Dei seier vegen er open, så er det stengt

🏷️ Extracted Entities (6)

Vegtrafikksentralen (entity) E16 (entity) Eva Heggeberget Grønland (person) Linn Jeanette (person) Vinje (entity) Voss (entity)