Synd du ikkje kunne vere der, Georg!
Plus
Georg Arnestad kritiserte språkkonferansen i Nynorskhuset. Prosjektleiar Heidi Hattestein svarer i dette lesarinnlegget.
Takk for at du held samtalen i gang, også etter språkkonferansen i Nynorskhuset. Det er nettopp det vi ønskjer: å snakke om dette, både når vi er einige og usamde.
Å snakke om det
Som vi lærte på språkkonferansen, kan både for mykje og for lite friksjon avgrense ytringsrommet. Berøringsangst kan vere like hemmande for det offentlege ordskiftet som polarisering og skyttargravsretorikk.
Om vi burde hatt endå sterkare motstemmer eller fleire motdebattantar, er sjølvsagt noko vi har diskutert, både i forkant og i evalueringa etterpå. I tråd med temaet valde vi ei litt anna form: Målet var ikkje å ende i ein stor debatt med skarpe frontar, men å gi dei nøye utvalde innleiarane rom til å fullføre resonnementa sine, både frå talarstolen og i sofaprat.
Det kan ein meine mykje om. Men å omtale språkkonferansen som ein «flopp» er vel kategorisk, særleg når det kjem frå ein som ikkje var til stades. Den store teatersalen i Nynorskhuset var meir enn halvfull av folk som sa at dei fekk noko å tenke på og snakke om.
Til slutt vil eg takke for eit godt forslag til tema for neste språkkonferanse: KI opp mot nynorsk. Vi kjem til å halde fram med å skape viktige og gode arrangement i Nynorskhuset, med dei beste intensjonar for språket vårt.