«Fakta» i Måsholmendebatten – eller selektiv framstilling?
Plus
Tore Havn etterlyser ein faktabasert debatt om Måsholmen. Det er eit godt utgangspunkt – men då må ein også tole at det blir peika på kva som faktisk er dokumentert, og kva som ikkje er det.
Fakta må fram i debatten om Måsholmen
Når det gjeld økonomi, blir det framheva at kommunen sitt ansvar er avgrensa til eigenkapital. Det er kanskje formelt korrekt – men samstundes ei forenkling som skjuler den reelle situasjonen. Vi snakkar om eit stort og lånefinansiert prosjekt der eit kommunalt eigd selskap er involvert i investeringar, infrastruktur og langsiktige bindingar som i praksis vil påverke kommunen og hamneverksemda.
Å framstille dette som tilnærma risikofritt for kommunen gir ikkje eit riktig bilete.
På det maritime området blir det vist til simulatortestar og operasjonar opp mot 20 m/s. Men skal det i praksis berre opererast under bestemte vindretningar? Samstundes blir det erkjent at grensene vil vere lågare for større fartøy og i reell drift. Nettopp her ligg kjernen: det som let seg gjennomføre i enkelte vindretningar under optimale forhold i simulator, er ikkje det same som trygg og stabil drift – noko som må vere ei grunnleggande føresetnad for ei containerhamn.
Likevel blir dessetala brukt som om dei representerer normal operativ kapasitet. Simulatortestane vart dessutan gjennomførte utan full kontekst knytt til utfylling og ferdige kaianlegg – og med ein annan utforming enn det som no er planlagt, mellom anna med 80 meter kai.
Dette svekkjer overføringsverdien av resultata. Endå meir oppsiktsvekkande er det at det framleis ikkje ligg føre ein samla, etterprøvbar rapport frå simuleringane. Når dette manglar, bør det vere eit tydeleg varselteikn – ikkje noko som blir passert i stillheit.
Det blir no også stadfesta at ny hamn vil vere utsett for vind, og at lasting og lossing berre kan skje når forholda tillèt det. Samtidig kjem det ei klar innrømming om at Kai G er å føretrekkje for kapteinar og losar med omsyn til vind og straum. Dette er første gong dette blir sagt så direkte. At det likevel ikkje får større konsekvens for vurderinga av alternativ, seier sitt.
Når det gjeld trafikk, blir det hevda at kritikken byggjer på urealistiske scenario. Samstundes finst det framleis inga samla vurdering av trafikk ved full utbygging, sjølv om prosjektet legg opp til eit langt større areal enn det som er analysert. Skal ein då sjå bort frå etablerte metodar frå Statens vegvesen – eller berre unnlate å rekne på det?
Det står att eit enkelt spørsmål: Kvifor blir ikkje desse forholda dokumentert skikkeleg? Når sentrale føresetnader ikkje blir analyserte eller lagde fram, er det vanskeleg å sjå dette som anna enn ei selektiv framstilling av prosjektet.
Ein faktabasert debattkrev meir enn å vise til enkeltvurderingar og delvise analysar. Den krev openheit om usikkerheit, dokumentasjon som let seg etterprøve, og vilje til å belyse også dei utfordringane som ikkje passar like godt inn i prosjektforteljinga.
Så langt er ikkje det på plass. Vårt innlegg blir snarare styrka av dei presiseringane som no kjem fram.
Måsholmen: Maritime forhold, kaifunksjon og containertrafikk