Får 53 millionar i pengegåve
Plus
Førde IL er tildelt det som er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si største enkeltgåve nokosinne.
– Vi er overvelda. Gåvene er ein «gamechanger» for oss, seier leiar i Førde IL, Arne Helgheim.
Denne måndagen vart det klart i ei pressemelding at idrettslaget har fått tildelt 53 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Den største delen av midlane, 45 millionar, er øyremerka hallprosjektet i Hafstadparken.
Krevjande over fleire år
Dei resterande åtte millionane er tiltenkt oppgradering av kunstgrasbana ved Førdehuset. Ei kunstgrasbane som utan å overdrive har sett langt betre dagar, og som grunna tilstanden sin ser svært lite aktivitet.
– Anleggssituasjonen vår har vore svært krevjande over fleire år, og vintersesongen er prega av avlyste treningar og flyttingar av treningar til Skei og Bygstad. Desse oppgraderingane vil bety enormt mykje for all fotballaktivitet i Førde, og dei oppgraderte anlegga vil kome heile regionen til gode gjennom arrangement og regionsamarbeid, seier styreleiar i Førde IL Fotball, Finn Ove Øen i pressemeldinga.
Han kallar dette for ein gledens dag, særskilt fordi den i stor grad tek idrettslaget betydeleg nærare å få hallen i Hafstadparken på plass.
Kommunen snur – fortsett arbeidet med hallen
Største enkeltgåva nokosinne
Dei 53 millionane er den største enkeltgåva gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane nokosinne.
– Dette er ei ekstraordinær stor gåvetildeling, men skal desse anlegga bli realiserte, må nokon våge gå fremst. Difor går vi inn på dette nivået, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Trond Teigene i pressemeldinga.
Idrettslaget hadde søkt om midlar, og bankdirektøren fortel at hallprosjektet i Hafstadparken og rehabiliteringa av kunstgraset ved Førdehuset treff rett i kjernen av det dei ønskjer å bidra til.
Firda kjem tilbake med meir.
Delte ut utbyte. No må dei ta store delar tilbake
– Ingen grunn til uro for gåvemidlane
Dei kjempa for siger. Men her viser Reidar fram den viktigaste
Derfor er han så oppgitt: – Vi kjem til å tape