Herold

Måsholmen: Ei sak som fortener meir enn partilojalitet

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Siri Stavang, privatperson, Florø Published: 2026-05-18 22:14:00
Måsholmen: Ei sak som fortener meir enn partilojalitet

Eg er rimeleg overraskaover at Høgre vel å binde sine representantar i ei av dei mest kompliserte og omstridde sakene Florø har hatt på fleire tiår.

Sist Måsholmen-saka var oppe, valde Høgre å ikkje binde representantane sine til å stemme samla. No må avstemminga gjerast på nytt på grunn av habilitetsspørsmål, og difor reagerer eg sterkt på at partiet etter det eg forstår ønskjer å gjere nettopp det denne gongen.

Kvifor er det annleis no? Står dette seg i offentlegheita? Og er det sunt for lokaldemokratiet i ei sak som har skapt så enormt engasjement blant innbyggjarane?

Dette handlar ikkje berre om ein holme. Det handlar om tillit. Om natur. Om livskvalitet. Og om korleis vi tek store avgjerder i ein kommune med pressa økonomi.

I snart to år har frivillige brukt hundrevis av timar på å setje seg inn i kompliserte plansaker, økonomi, trafikk, naturinngrep og maritime forhold. Sjølv er eg engasjert i Naturvernforbundet, og folk har stoppa meg på butikken, i gata og utanfor jobb for å takke for engasjementet frivillige legg ned i denne saka.

Eg er heilt overtyddom at fleirtalet av innbyggjarane ikkje ønskjer utbygging på Måsholmen.

Likevel opplever mange at kritiske spørsmål blir møtt med bastante påstandar om at «me må byggje ned meir natur for å få arbeidsplassar». Men kvar er dei tydelege svara på risikoen, kostnadene og konsekvensane?

For meg handlar dette ikkje om å vere mot utvikling. Det handlar om kva slags utvikling vi ønskjer for Florø.

Måsholmen er ikkje eit «vere eller ikkje vere» for industrien. Men denne saka kan bli eit vendepunkt for tilliten mellom innbyggjarar og politikarar.

Nokre saker fortenermeir enn partipisk. Dei fortener mot, openheit og sjølvstendige vurderingar.

🏷️ Extracted Entities (5)

Florø (entity) Høgre (entity) Måsholmen (entity) Naturvernforbundet (entity) Står (entity)