Frå Hamnehuset til Evja: – Perfekt plassering
Plus
Sandvik har rigga seg til i nye lokale på Evja. 1. mai var han klar til å ta imot kundar på jakt etter leigebilar.
Florø interiør flytta ut i april 2025. No er deler av lokalet teke i bruk som kundemottak og klargjeringsverkstad.
– Dette er perfekt plassering. Her er det kort veg til ladestasjon, drivstoff og vaskeanlegget på Circle K, seier Sandvik.
Då vi var innom nylokalet var han i sving på flyplassen der dei fleste køyretøya er stasjonerte.
– Det er tåleg bra trafikk. I dag er det måndag og då er det mange bilar som skal ut.
Næringslivet er viktige kundar og både Westcon og Forsvaret er døme på flittige brukarar av leigebilar.
– No har eg fått rikeleg med parkeringsplassar. Det er viktig. Då blir alt så mykje lettare. Elles består no mesteparten av bilflåten av elbilar.
I mars kunne Sandvik fortelje at han var på flyttefot med bilutleigeverksemda si. Hausten 2022 vart han den første leigetakaren i Hamnehuset på Fugleskjærskaia.
– Når alt er klart, flyttar eg ut på kort varsel