Det finst eit reelt alternativ til å legge ned skular: Eigedomsskatt
Plus
Det nye framlegget til skule- og barnehagestruktur inneheld ingen endringar frå administrasjonen si side. At dette er kortsiktige økonomiske krisetiltak, er openbert.
Dei mest drastiske kutta går direkte på tvers av omsyn til barnets beste, levande bygder, nærmiljø, pedagogikk og langsiktig samfunnsutvikling. Men, dette innlegget handlar ikkje først og fremst om alle dei gode grunnane til å bevare skular – det kjem seinare.
Dette er ei formaning både til politikarane i Alver kommune og til innbyggarar. For er eigentleg alt som kan gjerast for å spare dei minste, prøvd ut og tatt med i vurderinga? Fleire tenker at det finst eit reelt politisk alternativ til å legge ned skular: eigedomsskatt.
Ja, det er lova at innbyggarane skal sleppe eigedomsskatt, men i desse tider er ikkje tidlegare politiske løfte verd papiret dei er skrive på. Uansett kva politikarane landar på i tida som kjem, så vil løfte bli brotne.
Anten bryt ein løftet om å skjerme innbyggarane frå eigedomsskatt, eller så bryt ein løftet om levande bygder og gode nærmiljø i heile kommunen. Politikarane vil ikkje bli målte på kva løfte dei heldt, men på om dei valde den mest ansvarlege og pragmatiske løysinga i ei svært utfordrande tid.
Vi meiner eigedomsskatt er den minst skadelege løysinga, sjølv om vi prinsipielt er imot det. Når valet i praksis står mellom eigedomsskatt eller nedlegging av nærskular, trur vi mange vil vere villige til å betale litt meir for å bevare skulane og lokalsamfunna våre.
Det er eit val mellom pest eller kolera, men sett på spissen er det dette det kokar ned til: Er du villig til å betale eigedomsskatt, eller vil du at nærskulen til barna eller barnebarna dine skal leggast ned?
For oss er dette eit openbert ja, sjølv om det vil koste. Og vi har faktisk tru på at dei fleste i kommunen er einige, dersom ein godtek at det er her valet faktisk står.
Over to tredelar av kommunane i Noreg har eigedomsskatt på bustader, også kommunar styrte av høgresida. Det er rett og slett ei naudsynt inntektskjelde for kommunar, slik den økonomiske stoda for kommunane er i dag. Ein eigedomsskatt på 1 promille vil til dømes utgjere om lag 500 kroner i månaden for ein bustad verd fem millionar kroner.
Vi seier ikkje nødvendigvis at all endring i barnehage- og skulestruktur skal leggast vekk, men ein må i alle fall kunne legge vekk dei aller mest inngripande tiltaka.
Som når barneskulebarn i tillegg til å miste skulen sin også blir flytta til ny ungdomsskulekrins, får eit skulemiljø med idrettslag, korps og andre fritidstilbod som dei ikkje sjølve er ein del av, og må oppleve at fleire hundre år gamle tilknytingar til eige lokalsamfunn blir brotne.
Har brukt månader på å vurdera: Dette vil dei gjera med skulane
Sjølv veit vi dette vil gjelde for elevane ved Grasdal, men situasjonen er nok lik også ved andre skular.
Eventuelle endringar i skulestrukturen vil ikkje tre i kraft før hausten August 2027. Same haust, 9. september, er det kommune- og fylkestingsval.
Får ein innført eigedomsskatt i samband med nytt kommunestyre, har ein altså ikkje tapt mykje, og dei mest drastiske tiltaka kan sparast.
Til politikarane i Alver: Våg å stemme imot dei mest drastiske tiltaka. Ikkje la dei yngste bere den største belastninga når det finst alternativ som i hovudsak rammar vaksne. Våg å gje slepp på løftet om ikkje å innføre eigedomsskatt. Gå til val på å innføre eigedomsskatt og ver open om grunnen – det står det respekt av, og det vil folk anerkjenne.
Til innbyggarane: Spør deg sjølv om du er villig til å betale litt ekstra for at skulen til barna dine, eller andre sine barn, skal bestå. Oppmod politikarane om å stemme nei til å legge ned skular, og tilgje politikarar dersom dei snur i spørsmålet om eigedomskatt før valet i 2027, og stem dei fram.
Bodskapen deira må komme raskt fram om det skal ha den ønskte effekten