Herold

Skal Sogndal-folk betale heile fjordrekninga?

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Bjarte Haugen, Sogndal Venstre, Fjærland Published: 2026-05-18 08:19:32
Skal Sogndal-folk betale heile fjordrekninga?

Vatn- og avløpsgebyra i Sogndal kommune kan auke med svimlande 220 prosent fram mot 2038. Det viser kommunen sin ferske hovudplan for avløp og vassmiljø.

For ein vanleg husstand betyr det éin ting: Rekninga for å rydde opp i fjorden kan bli langt dyrare enn folk flest har fått med seg.

Men planen viser også noko viktig: Gebyra treng ikkje nødvendigvis auke like mykje. Ved høgt investeringsnivå kan avløpsgebyret bli om lag 220 prosent høgare enn i dag. Ved lågare investeringsnivå er auken estimert til om lag 130 prosent. Det store spørsmålet er difor ikkje om me skal ta ansvar. Det skal me. Spørsmålet er korleis me kan få kommunen trygt ned mot den lågaste nødvendige auken – utan å svekkje miljøet.

Sogndal kommune må sjølvsagt ta ansvar for eigne utslepp. Me må få på plass betre reinseanlegg, mindre overløp, betre leidningsnett og meir moderne vass- og avløpssystem. Det er nødvendig, og det kjem til å koste.

Men skal innbyggjarane i Sogndal sitje att med heile rekninga?

Fjorden vår blir ikkje påverka av kommunalt avløp åleine. Sogndalsfjorden og Barsnesfjorden er del av eit større fjordsystem. Det som skjer lenger ute i fjorden, påverkar også oss. Landbruk, næringsverksemd, sjøbasert aktivitet, overvatn og andre utsleppskjelder er alle ein del av den samla belastninga.

Når fjorden alt er under press, aukar risikoen for strengare krav, dyrare løysingar og høgare kommunale gebyr. Då kan Sogndal bli nøydd til å byggje stadig meir avanserte og kostbare anlegg for å kompensere for ei samla belastning som ikkje kommunen åleine har skapt.

Difor treng me eitt grep som gjev tre gevinstar på same tid: reinare fjord, meir rettferdig fordeling av miljøansvaret – og større sjanse for å halde gebyrveksten nede mot den lågaste nødvendige auken.

Det grepet er marint vern av Sognefjorden.

Mange tenkjer nok at «vern» betyr restriksjonar, forbod og tap av lokale arbeidsplassar. Men når det gjeld Sognefjorden, er sanninga ei anna. Marint vern handlar ikkje om å stoppe lokalsamfunnet. Det handlar om å sikre at fjorden ikkje blir brukt som gratis avfallsplass for stadig nye belastningar.

Nokre vil kanskje innvende at dei store påverknadane ikkje ligg heilt inne i Sogndal sentrum, og at tersklane i fjorden vernar oss. Men ein terskelfjord fungerer ikkje som eit ope hav der alt berre forsvinn. Tersklane kan også gjere fjorden sårbar. Vatn og stoff som kjem inn i fjordbassenget kan bli verande lenge, særleg i djupare lag der utskiftinga er svakare.

Difor er me heilt avhengige av at vatnet som strøymer inn i fjordarmane våre er så reint og oksygenrikt som mogleg. Når botnen og livet i fjorden først byrjar å tape, er det dyrt å reparere skadane etterpå.

Det er her marint vern blir eit økonomisk ansvarleg grep. Vernet vil løfte Sognefjorden opp som eit nasjonalt viktig område, og gjere det tydeleg at alle sektorar må bidra til å redusere belastninga. Då står Sogndal sterkare i møte med både staten, næringsaktørar og framtidige miljøkrav.

Når fjorden blir friskare fordi fleire tek sin del av ansvaret, kan kommunen investere klokare. Me kan byggje gode og framtidsretta reinseanlegg etter reelle behov, og styre mot den lågaste nødvendige gebyrveksten – i staden for å risikere den dyraste løypa fordi fjorden alt er pressa frå alle kantar.

Dette handlar ikkje om å sleppe unna kommunale investeringar. Dei må me ta. Men det handlar om å hindre at innbyggjarane i Sogndal blir sitjande att med svarteper.

Sogndal skal vere ein ekte naturkommune. Me er stolte av å bu mellom høge fjell og ein levande fjord. Ungane våre skal også i framtida kunne fiske, bade og oppleve eit reint fjordmiljø, utan frykt for at botnen av fjorden gradvis vert øydelagd.

Me vernar ikkje fjorden mot innbyggjarane. Me vernar han for oss.

Å seie ja til marint vern er eit val for fellesskapet, for naturen og for lommeboka. Lat dei store belastningane bli handterte der dei oppstår, slik at ikkje Sogndals-innbyggjarane åleine må betale prisen gjennom skyhøge gebyr.

🏷️ Extracted Entities (3)

Sogndal (entity) Sognefjorden (entity) Barsnesfjorden (entity)