Gløymer du dette i sommar, kan det bli trøbbel. I alle fall viss du reiser frå Bergen
Plus
Omvegen kan bli seig og du kan enda opp med dårleg tid ...
Frå 18. mai kan du ikkje lenger få utferda naudpass ved Bergen Lufthavn, Flesland.
Det kjem fram i ei pressemelding frå politiet.
Viss uhellet er ute og du oppdagar at passet ligg att heime, må du no ta turen til passkontoret i Fyllingsdalen for å koma ut av knipa.
Det blir ein omveg på 19,2 kilometer tur/retur.
Sjekk status
Hovudårsaka til den nye ordninga er, ifølgje politiet, ein kraftig auke i turisttrafikken til Bergen.
– Noreg er forplikta til å gjennomføra grensekontroll av personar som reiser inn frå land utanfor Schengen. Det same gjeld når dei reiser ut frå Noreg til land utanfor Schengen, heiter det i pressemeldinga.
Resultatet av det er at politiet ikkje lenger har kapasitet til å oppretthalda denne tenesta.
– Me oppmodar alle som skal på utanlandsreise i sommar om å sjekka status på familien sine pass i god tid før reisa, avsluttar kommunikasjonsdirektør Arne Lutro.