Lang kø på E16: – Eg stod i nesten to timar
Plus
Asfalteringsarbeid fører til lange køar på E16 mellom Vinje og Voss.
AVISA HORDALAND: – Eg stod nesten to timar i kø. No har eg nett sloppe forbi.
Det fortel ein mann som ringjer inn til redaksjonen måndag ettermiddag. Han var på veg i retning Vinje, men han vart ståande på grunn av asfalteringsarbeid.
– Det står skilt om at ein må venta inntil 15 minuttar, men dette er jo heilt horribelt, seier bilisten.
Eit køyrefelt er stengt
Vegtrafikksentralen stadfestar at dei har fått mange meldingar frå bilistar.
– Det er mange som klagar på at dei har stått i kø lenge, seier Christian Strømmen i Vegtrafikksentralen.
Han fortel at asfalteringa føregår i området Rinden-Skromle, der det har vore vegarbeid og ljosregulering.
– No er dei komne til asfalteringsarbeidet. Det er ledebil og eit køyrefelt er stengt.
Asfalteringsarbeidet vil halda fram til klokka 19 måndag kveld. Det er også planlagt arbeid fleire dagar denne veka, mellom klokka 07 og 20.
Kart med ID 543279