Svar til «tre eldre damer»
Plus
Ifølge WHO så reknast ein som eldre fra 60-74 år - så eg er i same kategorien - og reknar ikkje eldre som eit skjellsord. Om 3 år er eg i kategorien gamal. Noko som er heilt sikkert er at vi er for gamle til å føde ungar!!
Kvinnekamp har vore og er viktig for meg - og difor mitt engasjement.
De er ikkje viljuge til å lese nye tal og fakta, men dreg på med det same. Men eg vonar at andre er i stand til å lese fakta - og difor mitt innlegg - som òg er mitt siste.
Tala er heilt ferske, men intensjonen med jordmorvakta er slik den var ved oppstart i 2012 med nokre justeringar.
Helsing ei eldre kvende
Sissel Jacobsen Bitustøyl
🏷️ Extracted Entities (1)
Sissel Jacobsen Bitustøyl
(person)