Herold

– Mange opplever å få utvida nettverket sitt på Voss

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sander Schadenberg Published: 2026-05-18 19:01:18
– Mange opplever å få utvida nettverket sitt på Voss

DNT Unge Vaksne har hatt eit vellukka fyrste halvår. No er dei straks klare for å laga nytt haustprogram.

– Me har veldig lyst til å ha med oss flest mogleg for å laga turprogram til hausten, seier Astrid Prestegård (29) som sit i styret.

Sidan oppstarten i desember har DNT Unge Vaksne – ei turgruppe for personar mellom 20 og 40 år – gjennomført ei rekkje ulike aktivitetar.

Oppstartsturen gjekk til Gjerneshuken, noko Prestegard peikar på som eit høgdepunkt.

– Det var veldig sosialt og kjekt, og det var mange som kom.

Eit aktivt halvår

– Sidan då har tilbodet vakse i breidde. På lågterskelsida har det vore arrangert skøyter og bål, teknikk-kveldar i Voss Resort, sosial jogg annankvar måndag – og månadleg sauna.

Samstundes har gruppa også tilbydd meir krevjande aktivitetar som isklatring, klatrekurs, toppturar på randonee og fleire overnattingsturar på fjellski, mellom anna til Tvinnestølen, Kongshellaren og Finse.

Antal deltakarar varierer frå aktivitet til aktivitet, og Prestegård fortel at det kan møta opp alt frå fem til tjue.

– Me har prøvd ut ulike aktivitetar for å finna ut kva som engasjerer flest, med eit tydeleg mål om å vera ein sosial møteplass for friluftsinteresserte, både gjennom lågterskeltilbod og meir krevjande turar, held Prestegård fram.

Fram mot sommaren vert det mellom anna yoga på Hanguren og ein gåtur til dagsturhytta kombinert med sauna.

– Me skal også padla elvekajakk i samarbeid med Voss Elveklubb, og så vert det ei sosial sommaravslutning.

Skal halda ope møte

– Kva tilbakemeldingar har de fått frå dei som har delteke?

– Me opplever at veldig mange får utvida nettverket sitt på Voss, og at aktivitetane vert eit sosialt haldepunkt som mange tykkjer er kjekt. Det gjeld oss i styret også. At det har vore så mange deltakarar, viser at dette er eit tilbod folk har ynskt seg. Eg håpar det kjem til å vara i mange år.

Ho peikar vidare på at Voss har sterke miljø innan ekstremsport, idrett og musikk – men at ho opplever at mange i bygda har sakna eit meir ope og inkluderande fellesskap for friluftsliv.

– Unge Vaksne Voss ynskjer å fylla dette rommet, og samla folk som vil vera ute i naturen, utan at terskelen for deltaking er for høg.

Onsdag skal gruppa samla seg i Voss Vandrarheim for å planleggja turprogrammet til hausten.

– Målet er å leggja opp eit program som varer frå august til desember. Men me vil også leggja til rette for at folk kan arrangera turar på kortare varsel om det skulle koma eit spesielt vêr eller føre. Her er alle mellom 20 og 40 velkomne.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (12)

Unge Vaksne Voss (person) Astrid Prestegård (person) DNT Unge Vaksne (organization) Finse (entity) Gjerneshuken (entity) Hanguren (entity) Kongshellaren (entity) Prestegard (entity) Tvinnestølen (entity) Voss Elveklubb (person) Voss Resort (organization) Voss Vandrarheim (person)