Herold

Containerhamn på Måsholmen: Ja eller nei?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-05-18 16:58:00
Containerhamn på Måsholmen: Ja eller nei?

Eg slit med å gjere meg opp ei meining kring ei potensiell Måsholmen-utbygging. Her er eg like på vippen som kommunestyret truleg kjem til å vere på tysdag.

På den eine sida har eg stor forståing for dei synspunkta Cargill og Global har levert, og kommunen må strekke seg langt for å legge til rette for at dei kan vekse og utvikle seg. Grunninnstillinga mi er då også å heie på dei som vil prøve å skape noko, heller enn dei som berre seier nei.

Likevel er det ingen tvil om at ulempene ved å seie ja til Måsholmen er store. Kanskje er dei for store?

Til saksframleggeti kommunestyret tysdag er det lagt ved 39 vedlegg. Mange rapportar, med mange ord og vurderingar, i eit språk som ikkje alltid er like lett å lese. Eg har lest noko, men langt ifrå alt. Dei færraste av oss har nok det. Til å hjelpe meg å skaffe oversikt over det heile brukte eg difor litt tid mellom flagg og hurrarop i 17. mai-helga til å lage ein nettside som kan fortelje meg kva som faktisk står i desse vedlegga.

Du kan få prøve den sjølv om du vil: Containerhamn på Måsholmen: Ja eller nei?

Du får tiargument for utbygging, og ti argument mot. Dei fleste av dei kan sikkert både diskuterast og trekkast i tvil. Her får du alle dokumenta. Dessutan kan du stille spørsmål, og få svar.

Svara blir levertav kunstig intelligens, men den har fått streng beskjed om at den berre skal halde seg til det som står i vedlegga. Den skal vere nøytral, og ikkje finne på argument eller fakta. Det verker på meg som om den fungerer omtrent slik eg vil at den skal fungere, men eg må likevel ta atterhald om feil og manglar. Sjekk kjeldene sjølv om du er i tvil, i svaret du får av den kunstige intelligensen vil vise deg veg til rett dokument.

Eg veit ikkje kor nyttig denne sida eigentleg er, på dette stadiet i debatten. Den kjem truleg for seint. Mange vil allereie ha gjort seg opp ei meining. Uansett er det politikarane som skal bestemme dette no, og tida for påverknad er vel meir eller mindre over.

For mi eiga del kan eg ikkje seie at den har hjelpt meg til å ta eit standpunkt. Eg er framleis i tvil, og eigentleg berre glad for at eg slepp å ta eit standpunkt i eit kommunestyremøte.

Sjå på nettsida som ein test, til noko vi kanskje kan gjere meir av seinare. Eg trur det kan vere eit nyttig verktøy for komplekse saker. Fint om du hjelper oss med å teste litt, for noko slikt har eg nok ikkje laga før. Eg tek det som læring!

For kvart spørsmål du stiller må eg betale nokre øre for KI-bruken. For å hindre at nokon lager ein bot som gjer at kontoen min blir tømt og eg må avlyse ferien for å betale kredittkortrekninga er det lagt inn ei sperre på fem spørsmål i timen. Eg ser no at det sikkert er litt for lite, men det får stå si prøve.

I morgon fårvi svaret frå politikarane. Hugs at vi skal leve med kvarandre etter det også då!

🏷️ Extracted Entities (4)

Måsholmen (entity) Cargill (entity) Global (entity) KI (entity)