Herold

Viktig avgjerd for verdiskaping og framtid i Kinn

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Håkon Furelid, Produksjonsleiar Cargill Florø Published: 2026-05-18 19:35:35
Viktig avgjerd for verdiskaping og framtid i Kinn

Debatten om Måsholmen handlar ikkje berre om plassering av ei containerhamn. Den handlar også om kva vilkår Kinn kommune skal gi eksisterande industri, lokale arbeidsplassar og framtidig verdiskaping.

Leiinga vedCargill sin fabrikk i Florø er lokalt forankra og sterkt engasjert i utviklinga av både fabrikken i Gunhildvågen og lokalsamfunnet i Kinn kommune. Vi er opptekne av å ta vare på naturen og samfunnet rundt oss, og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling i området. Som ei hjørnesteinsbedrift i Kinn vil vi i framtida gjerne spele ei endå viktigare rolle i lokalsamfunnet. For å få dette til, er vi avhengige av godt samarbeid og drahjelp frå politikarane og kommunen.

I den pågåandedebatten om Måsholmen er det avgjerande at fakta kjem tydeleg fram, og vi ønskjer å bidra til ei opplyst og korrekt framstilling av saka, mellom anna når det gjeld kva arbeidsplassar det er snakk om å tilretteleggja for.

Ei hjørnesteinsbedrift med konkrete bidrag

Cargill Florø er ein viktig arbeidsplass og er viktig for verdiskaping i kommunen.

  • Vi har rundt 150 tilsette
  • Over 99% med lokal tilknyting
  • Over 90% med fagbrev eller høgare utdanning
  • Vi har 15 lærlingar i dag, og nye startar kvart år

Dette er ikkje tilfeldige arbeidsplassar. Det er kompetansearbeidsplassar som byggjer fagmiljø, gir stabile inntekter og skapar langsiktig busetjing.

Berre i 2026 har vi tilsett 44 nye medarbeidarar. Av desse er:

  • 21 faste stillingar, alle lokale
  • 15 sommarjobbar til ungdom frå Kinn
  • 8 nye lærlingar frå Vestlandet

Dette er konkret rekruttering, integrering og samfunnsbygging. Fleire lærlingar flyttar hit og blir buande. Dei kjøper bustad, betalar skatt og blir ein del av fellesskapet. Slik blir industriarbeidsplassar også ein del av langsiktig samfunnsbygging.

Ringverknader langt utover fabrikken

Aktiviteten ved Cargill Florø stoppar ikkje ved fabrikkporten. Med eit driftsbudsjett på fleire hundre millionar kroner årleg, og i tillegg store investeringar kvart år, utgjer vi ei stor økonomisk drivkraft i kommunen. Når vi prioriterer lokale leverandørar, går midlane direkte tilbake til næringslivet i Florø og omegn. Det betyr arbeid til lokale entreprenørar, oppdrag til servicebedrifter og aktivitet for transport- og logistikknæringa. Lista over leverandørar er lang. Effekten er tydeleg, vi bidreg til langt fleire arbeidsplassar enn dei 150 som er direkte tilsette.

Å leggje til rette for vidare vekst hos Cargill handlar også om breidda av næringslivet i kommunen.

Ei næring i vekst

Oppdrettsnæringa er ein del av ryggrada i næringslivet i Kinn, og ho er i sterk vekst. Denne veksten merkast direkte hos oss då produksjonen har auka kraftig dei siste åra. Det betyr større behov for råvarer, større volum inn og ut - og eit heilt anna behov for logistikk enn før.

I dag har vi ikkje kapasitet til å handtere dette effektivt ved at lagerkapasiteten i Florø totalt sett er for låg, som fører til at store mengder råvarer blir lagra på andre stader, dette fører til fleire transportledd og meir handtering. Det gir høgare kostnader, meir transport og lågare konkurransekraft for oss, det er ein dårlegare og mindre berekraftig situasjon enn nødvendig.

For oss er dette både kostnadsdrivande og svekkjer konkurransekrafta. Den mest effektive og berekraftige løysinga er etablering av ei containerhamn på Måsholmen. Dette vil redusere behovet for omlasting, gi færre transportetappar og bidra til meir effektiv drift, ein betre logistikk samt styrke konkurransekrafta til fabrikken. Dette er eit behov dersom ein skal halde tritt med utviklinga i næringa.

Klare for vidare utvikling

Fabrikken i Florø er ein av verdas største fiskefôrfabrikkar. Vi har eigarar som ønskjer å satse vidare, ei leiing som er lokalt forankra, og tilsette med høg kompetanse og stort engasjement. Vi er klare til å utvikle både verksemda og lokalsamfunnet vidare. For å lukkast med dette, treng vi at politikarane i Kinn kommune også tør å satse - og legg til rette for nødvendig utvikling i Gunhildvågen. Saman kan vi sikre at Florø og Kinn held fram som ein sterk og framtidsretta region i ei næring i vekst.

Ei tydeleg oppmoding

Vi ber om føreseielege rammer og moglegheit til å utvikle ei næring som allereie er avgjerande for kommunen. Dersom Kinn skal vere ein leiande sjømatkommune også i framtida, må det takast val som støttar opp om dei verksemdene som faktisk skaper verdiane. Det handlar om politisk vilje.

🏷️ Extracted Entities (5)

Kinn (entity) Cargill Florø (person) Måsholmen (entity) Gunhildvågen (entity) Vestlandet (entity)