Sei ja til friskule!
Plus
Me bed politikarane i Randaberg om å tilrå etablering av friskule på kommunestyremøtet 21. mai. Grunnen er at elevar og foreldre i Randaberg treng ein slik skule, då fellesskulen ikkje lenger er samlande og inkluderande for mange av oss.
Me som skriv, er foreldre med ulike bakgrunnar og utan tilknyting til gruppa som søker om å starta opp friskule. Me høyrer til ulike sider av det politiske spekteret, men har til felles at me har og har hatt barn i den offentlege skulen. Når me nå gjer felles sak, er det fordi denne saka handlar om heilt grunnleggande tilhøve. Når fellesskulen ikkje lenger bygger på verdiar og tenkemåte som er felles, men introduserer nye og omstridde idear som om dei er sanning, mistar folk tiltru til skulen og ønsker moglegheit til å velja eit alternativ.
Den siste tida har det skjedd store endringar i samfunnet vårt. Ei toppstyrt rørsle har sørga for at skulen (og barnehagar) er fyrstefront i ein pågåande, splittande kamp. Nokre grupper har fått gjennomslag for sitt ideologiske, uvitskaplege og faktisk religiøse syn på den mest grunnleggande kategori i menneskeslekta, nemleg kjønn. Barn blir fortelte at det finst fleire kjønn, at kjønnsutypisk åtferd kan tyda at dei er fødde i feil kroppar, og at barn ikkje lenger skal stola på sansane sine, eiga dømmekraft eller bruka eit sakssvarande språk bygd opp kring tankelover som kontradiksjonsprinsippet.
Dette ser me svært alvorleg på. Opplæringslova krev at skulane fremjar vitskapleg tenkemåte, og dette er forlate på feltet kjønn. Ein lar det nye synet på kjønn gjennomsyra delar av undervisning (langt utover kompetansemåla som nemner «kjønnsidentitet») og det gjennomsyrer det som blir kommunisert frå lærebøker, einskilde lærarar og skuleleiing, både til foreldre og gjennom media. For mange lærarar som ikkje deler den nye kjønnstrua, er dette ein særs vanskeleg situasjon.
Foreldre erfarer at dei ikkje blir høyrte når dei har innvendingar til dei nye, kontrafaktiske ideane om kjønn som blir innlærte i skulen. Retten til medverking er ikkje lenger reell. Dette har pågått i mange år. Der er ingen signal om at dette vil bli endra, tvert imot. Gjennom politikarane si innføring av statleg kjønnstru, har me fått polarisering og splitting.
Foreldre har opplevd at barnevernet blir involvert dersom dei motsett seg den nye kjønnstrua. Det er ikkje trusfridom, det er ikkje vitskapleg tenkemåte, og det er heller ikkje inkludering og mangfald. Når fellesskulen sviktar oppdraget sitt, må foreldre kunna følgja sitt samvit og setta i gang alternative løysningar i lokalmiljøet sitt. Stem ja til friskole!