Korleis vil vi at nasjonaldagen skal vere?
Plus
Eg tenkte, i min naivitet, at det ville vere fint for dotter mi å sjå folkelivet på Torgallmenningen, syne seg fram i festdrakta si og betale is med sine heilt eigne lommepengar. Eg burde kanskje visst betre.
I går, på borna sin dag, gjekk eg med dotter mi på sju år for å kjøpe ein is. Klokka var 14:30.
Ho visste berre om ein stad som hadde isen ho var ute etter (den har gummibjørnar i pinnen), og det var Narvesen på Torgallmenningen.
Eg tenkte, i min naivitet, at det ville vere fint for ho å sjå folkelivet, syne seg fram i festdrakta si og betale is med sine heilt eigne lommepengar. Eg burde kanskje visst betre.
Turen frå Egon i Markeveien til kiosken og attende er det minst barnevenlege eg har hatt ho med på nokon gong. Til dømes var stadion på 16. mai, trass alle sine innslag av overtenning og beruselse, ein ekte folkefest og absolutt ingenting i forhold.
Kva som møtteoss kan ein lese om i dagens aviser, men det gav eit langt djupare inntrykk å manøvrere seg gjennom det i eigen person med ei lita jente under armen.
To gonger hindra den armen at ho fekk ein stupfull 14-åring i hovudet. Ho gjekk med fingrane i øyra for å dempe kvina frå tenåringsjentene. Eg nikka stivt då ein tidlegare elev, ein elles ganske reservert type, hylte namnet mitt.
Natteravnar og politi hadde, forståeleg nok, allereie gitt opp å regulere mengda fulle ungdommar som sto og openlyst bøtta nedpå drikke, datt over ende, grein, klina og knuffa.
Dei konsentrerte seg heller om å hindre at valden eskalerte og ta vare på dei som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv.
Vi fekk såvidt rundaein gutunge med oppkast nedover finstasen og kom oss inn på Narvesen. Der sat det ungdommar med auga i kryss på isboksane som motvillig flytta seg slik at vi fekk leita fram det vi kom etter.
Dotter mi betala stolt med ein 50-lapp og ba meg opne isen. Eg sa det var lurt å vente til vi kom oss litt lengre unna.
Heldigvis gjekk nokopplevinga meir innpå meg enn henne. Ho hadde fokus på isen. Eg tenkte allereie på grensene eg skal setje når ho vert 14.
Det er med retteskrive mykje om dei sinnsjuke tilstandane i Bergen sentrum på 17. mai dei siste åra. Eg har inga løysing på alt, men eg har eit forslag. Flytt festen attende til 16. mai.
Det vert sikkert ikkje noko rolegare, men ein slepp å skjemme seg ut i dagslys og borna vert skjerma.
Lat 17. mai vere ein familiedag, ikkje berre om du har små born, men også med ungdomar i hus. Dei har ikkje vondt av å måtte vere med på det foreldra skal, særskilt ikkje om dei har festa frå seg kvelden før.
Det er ikkje ungdomen eller den enkelte forelder sin feil at det har vorte slik, det er vår kollektive evne til å stille krav og forventningar for korleis vi ønskjer nasjonaldagen skal sjå ut.
Lat oss ta dagen attende, på vegner av dei små. For de ere en Nasjon de med, de små en alen lange.
Sjekk alt som ligger igjen etter feiringen
Trude raser mot 17. mai-feiringen: – Et kaos av rus, fyll og vold