Herold

Ta heile kommunen i bruk – ikkje tapp bygdene

Plus
Kilde: NH Author: Karolina Vaktskjold Published: 2026-05-18 15:41:33
Ta heile kommunen i bruk – ikkje tapp bygdene

Er vi i ferd med å byggje opp ein kommune – eller rive han ned bit for bit?

I 1964 vart dei tre kommunane Sæbø, Manger og Hordabø slått saman til Radøy. Seinare, i 2020, vart Radøy slått saman med Lindås og Meland til Alver.

Gjennom begge samanslåingane var visjonen den same: sterkare fellesskap, betre tenester og ein kommune som skulle utviklast i heile sitt område. Då Alver vart etablert, vart det sagt tydeleg at ein skulle ta heile kommunen i bruk. Det var denne visjonen som skapte tillit og gav politisk fleirtal.

Mange støtta samanslåinga fordi dei trudde det ville styrkje alle delar av kommunen – ikkje berre sentrum, men også bygdene.

No opplever mange ei utvikling i motsett retning.

Sentralisering blir omtalt som effektivisering, men i praksis handlar det om at tenester og funksjonar gradvis blir flytta bort frå bygdene. Når dei næraste bygdene mot sentrum først blir svekka, startar ein kjedereaksjon: dei mistar attraktivitet, barnefamiliar flyttar, og grunnlaget for aktivitet og tilbod blir redusert.

Når Sæbø blir svekka, får det ringverknader vidare nordover. Manger og Hordabø mistar mellomleddet, tilknyting og flyt av folk og aktivitet. Slik kan faren for fråflytting og svekking spreie seg utover heile Radøy.

Samtidig blir lågt barnetal brukt som argument for nedbygging, sjølv om det finst areal for bustadutvikling som i praksis blir stoppa av eigne krav. Det skaper eit paradoks: først blir vekst gjort vanskeleg, deretter blir manglande vekst brukt som grunngjeving for sentralisering.

Bygder døyr ikkje over natta. Dei blir sakte tappa. Sentralisering er ikkje ei naturkraft – det er ei styrt utvikling, driven av politiske val og prioriteringar. Det betyr også at det som skjer i Alver ikkje er uunngåeleg, men noko som kan endrast.

Når skular i fleire delar av kommunen no er trua med nedlegging, også i område som ligg utanfor dei mest sentrale delane, blir spørsmålet endå meir alvorleg: Er dette starten på ei breiare nedbygging av heile kommunen?

For mange kjennest utviklinga slik: At ikkje berre enkeltbygder, men stadig større delar av Alver blir gradvis svekka – gjennom nedlegging av skular, flytting av tenester og tap av lokale møteplassar.

Då blir spørsmålet ståande: Er vi i ferd med å byggje opp ein kommune – eller rive han ned bit for bit?

Sentralisering er ikkje skjebne. Det er val. Og difor kan det også veljast annleis.

🏷️ Extracted Entities (7)

Alver (entity) Radøy (place) Hordabø (entity) Sæbø (entity) Lindås (place) Manger (entity) Meland (place)