Herold

Permanent bane på Geitabakken

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Edvin Hesjedal, Lokalidrettspatriot, Stanghelle Published: 2025-12-06 04:00:00
Permanent bane på Geitabakken

LESARINNLEGG: Gode politikar og dei «rette» i administrasjonen i Vaksdal, eg har lyst å utfordre dykk.

Men aller fyrst eit lite hjartesukk:

Eg hadde ikkje i min villaste fantasi kunne drøyme om at me no, i desember 2025, skulle ha den debatten me har etter steinraset på Geitabakken i mars 2024. Vaksdal, kanskje den einaste kommunen i Noreg med erfaring frå der naturkreftene så til dei grader tek ei kunstgrasbane (Vaksdal idrettspark). Alt låg til rette for rask og effektiv handsaming og prosjektarbeid på Geitabakken. Me fekk det motsette.

Dersom ein hadde hatt planen for Geitabakken på plass og vedteken, hadde aldri Eviny foreslått å lage ein steintipp. Dei vil altså heva heile terrenget frå elva og inn mot rasvollen med ni meter. Eller sagt på anna måte; den nye bana vert liggjande sju meter over taket på dagens nye, ubrukte klubbhus.

No er alt vanskeleg for politikarane. Ti og ein halv million kroner til eit midlertidig anlegg i Sandliane som ikkje er fullgodt, er frykteleg dyrt. Dette er inga lett avgjerd, og stumpen kjennest nok bak uansett kva veg ein snur seg.

Difor ei utfordring, med bakgrunn i ein påstand:

Politikarane er på ny (vill)-leia inn på eit spor av informasjon prega av uvilje.

Kan eg, og andre med meg, med eit hjarte for Daleidretten, lokalfotballen, born og unge si helse og aktivitetsglede få lov til å komme med eit motbod?

Gje oss tid til å finne krefter og kunnskap me kan spela på:

Dei 10,5 millionane ein no skal bruke – er verd om lag 15 millionar i 2032 – det tidlegaste ei ny bane kan opne dersom Eviny får gjennomslag for planane sine om Dalegarden kraftverk og massedeponi på Geitabakken.

La oss få sjansen til å vise kor langt ein kan komme på ei permanent løysing med det beløpet – då ser de sjølve kva investeringar som må til for å komme i mål.

I 2021/2022 var òg Geitabakken i vinden, då angåande nytt klubbhus. Her jobba kommuneadministrasjonen med eit utgangspunkt på 19 millionar kroner. Initiativ og engasjement frå frivillige landa til slutt nytt klubbhus. Rekninga den gongen enda på rundt 13 millionar kroner. Den kommunale rekninga vart òg svært låg, då private gåver finansierte halve klubbhuset.

Dømet over er eit døme med makt – det er mogleg å tenkje fleire løysingar. Det er faktisk det prosjektering i praksis handlar om – all prosjektering i prosjekt skjer etter samhandling.

Ei gruppe der engasjement og kunnskap samlast utanfor kommunale rammer kunne denne gongen òg ha funne alternativ. Eg har lyst å ta initiativ til ei slik gruppe. Då treng me litt tid og tillit.

Eviny har pengar nok til å finne alternative løysingar for steindeponi (desse alternativa sit dei med allereie i dag).

Mvh

Edvin Hesjedal, Lokalidrettspatriot, Stanghelle

Vesenteg dyrare med 9ar-bane i Sandliane

Planlegg framtidas kraftverk med tunnel frå Hamlagrø til Dale

9ar-bane på Sandliane skal vurderast