Herold

Ei framtid for nynorsken?

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Oliver Hovden, karmøybu og leiar i Studentmållaget i Nidaros, Trondheim Published: 2026-05-18 10:22:35
Ei framtid for nynorsken?

Gratulera på vel overstått! Den 12. mai feira me nynorskdagen fordi det var på den datoen i 1885 at Stortinget vedtok å sidestilla landsmål og riksmål. Det var på den datoen at makta godtok norsk som offisielt språk i Noreg.

Prosjektet til Ivar Aasen har vore ein dundrande suksess. Den har latt oss nordmenn uttrykkja oss på eit skriftspråk som gjenspeglar talespråket vårt. Noreg er eitt av få land kor det ikkje er stor statusforskjell mellom dialektar, og som dialektbrukarar i utkanten av landet står sjølvsagt me haugalendingar i stor takksamgjeld til nynorsken. Og ikkje gløym at verdas mest kjende haugalending, Jon Fosse, skriv på nynorsk.

Ryktene om nynorskens nære daud er betydeleg overdrivne. Nynorsken står støtt over store deler av Vestlandet, inkludert her i nærområdet «innigjønå» og på «hi sio» av fylkesgrenså.

Men på det ytre Haugalandet går det diverre ikkje like bra føre seg. Sjølv om dialekta vår er mykje nærare nynorsk enn bokmål blir det stadig færre nynorskklassar og nynorsken blir mindre synleg i samfunnslivet, næringslivet og kyrkjene.

Å tapa nynorsken på Haugalandet er å tapa kultur. Noko ein ser landet over er at dei stadene som mister nynorsken òg mister dialekta si. Eg ser dette sjølv i heimbygda Vea. Veabuen seier enn så lengje «kjårkjå» og «skuel», men kyrkja og skulen det er snakk om kallar seg sjølv «kirke» og «skole». Det er nesten eit spørsmål om tid før me begynner å kalla det som sådan òg.

Mindre dialektmangfald gir oss dårlegare språkforståing og mindre toleranse for folk som snakkar på ein annan måte enn oss. Og viss alle på haugalandet snakkar som haugesundarar, er vel ikkje det som å innrømma at byfolket er betre enn oss?

Det at det er ein nedgang i nynorskbrukarar landet rundt, men kanskje særleg i Rogaland, er ikkje bestemt av fysikkens lover. Det skjer på grunn av skulepolitikk, konformitetspress i samfunnet og eit lite bevisst forhold til språket.

Det blir det færre og færre nynorskklassar. Mange av dei heilnynorske skulane er truga med nedlegging. Nynorske Stokkastand forsvann inn i bokmålske Stangaland, og snart skjer kanskje det same med Ferkingstad.

Og for dei elevane som går i bokmålsklassar er det gjerne ingen nynorsk å sjå før 9. klasse, og då er det gjerne berre i form av keisam grammatikkpugging. Skulane bør heller forskuttera politikken til Mållaget, som er å integrera nynorsk heilt frå barnehagen av.

Vitskapet viser at slik tospråkleg opplæring er bra for hjernen, og nynorskelevane klarar seg jo heilt fint omringa av bokmål. Kvifor kan ikkje bokmålselevane få meir nynorsk inn i kvardagen?

Det kan òg bli meir synleg i samfunnslivet. HVL og Helse Fonna har ein aktiv intern språkpolitikk og rammer som sikrar ein nynorskandel som er lik eller høgare enn i samfunnet elles. Mediehus som Karmøynytt og Haugesunds Avis, Karmøy, Tysvær og den nyleg språknøytrale Haugesund, vidaregåande skular, menigheiter som næringslivet bør gjera det same.

Desse organisasjonane har mange tilsette som kan og vil skriva nynorsk, men som er for tynt spreidde til at det kjem fram i den interne og eksterne språkbruken. Når ein så stor del av både tilsette og lokalsamfunnet organisasjonen er del av skriv nynorsk, er det heilt på sin plass at organisasjonar jobbar for å representera det.

Og mest av alt, dei av dokker som er glade i nynorsk, dokker må våga å ta plass, forsvara valet dykkar, sjå verdien i språket og unngå minste motstands veg. Meld dokker gjerne inn i mållaget og ver med og kjemp for språket og dialekta. Dokker treng ikkje å vera perfekte, men dokker må vera stolte og bevisste!

Eit siste ord til bokmålsbrukarane som les dette: Eg kjenner mange i mållaget som blei frelste i vaksen alder. Det er fullt mogeleg med eit ope sinn og burde vera lett om du har haugalandsdialekt. Ingen skam å snu, som ein seier!

🏷️ Extracted Entities (18)

Haugalandet (entity) Ferkingstad (place) Haugesund (place) Haugesunds Avis (person) Helse Fonna (person) Ivar Aasen (person) Jon Fosse (person) Karmøy (place) Karmøynytt (entity) Mållaget (entity) Noreg (entity) Nynorske Stokkastand (person) Rogaland (place) Stangaland (place) Stortinget (entity) Tysvær (entity) Vea (entity) Vestlandet (entity)