Alver kommune brukte falske KI-kjelder i rapport om skulenedleggingar
Fleire skular i Alver kan bli nedlagde, men i rapporten som tilrÄr dette er det brukt oppdikta kjelder. Noregs nye KI-sjef Ätvarar mot at slikt kan svekka tilliten til det offentlege.
Minst fire skular i Alver kommune stÄr i fare for Ä bli nedlagde, etter at kommunedirektÞren i ein ny rapport tilrÄr dette.
Men no viser det seg at fleire forskingsartiklar som blir brukte som grunnlag for delar av rapporten er oppdikta av kunstig intelligens, skriv avisa Nordhordland.
Feila er i eit dokument som handlar om korleis pendling pÄverkar bÄde elevar og kommunen.
Avisa har gjort vidare undersĂžkingar, og fann mellom anna at:
- Minst tre artiklar i eit dokument om barnas beste finst ikkje, sjĂžlv om forskarane finst
- Ein tabell som viser til dei falske artiklane som kjelde.
- Av kring 30 kjelder er det vanskeleg Ă„ knyta 15 kjelder til forfattarar
- Fleire referansar i teksten er feil
Dokumentet er brukt som eit vedlegg til sjĂžlve rapporten, opplyser kommunedirektĂžr Christian Fotland.
TABELL: Denne tabellen er med i rapporten, og funna er baserte pÄ kjelder som ikkje finst.
Etter at avisa Nordhordland tok kontakt har kommunen gjort endringar i dokumentet, og har fjerna tabellen og dei falske kjeldene.
Administrasjonen legg seg flat
NÄr NRK ringer kommunedirektÞr Christian Fotland, som har kome med framlegget, er han rask med Ä koma med ei orsaking.
â Me brukte KI til Ă„ sĂžka etter kjeldegrunnlag for til dĂžmes skuleskyss, og la ved kjeldene som tilleggsinformasjon til politikarane. SĂ„ har det jo dĂ„ vist seg at forskarane eksisterer, men ikkje artiklane, seier han, og held fram:
â Me har rett og slett brukt KI feil, og har ikkje vore grundige nok i kvalitetssjekken vĂ„r. Det seier me oss leie for.
â Korleis kan slikt skje?
â Det er litt rart. Me har rutinar, me har opplĂŠring til dei tilsette og me har hatt fagdag om bruk av KI. Me har ganske strenge retningslinjer. Men her har me rett og slett brukt det feil.
â Tynnsliten tillit til kommunen
SĂŠbĂž skule er ein av skulane som risikerer Ă„ bli nedlagde. FAU-leiar Thomas Wiik er svĂŠrt kritisk til KI-feilen.
â Tilliten til prosessen er tynnsliten. Det er jo oppsiktsvekkjande og alvorleg at KI er blitt brukt til Ă„ gjera ein jobb i ei sĂ„ viktig sak. For meg verkar det som om ein har bestemt seg for eit utfall, og sĂ„ prĂžvd Ă„ finna dokumentasjon som passar.
FAU-leiar: Thomas Wiik ved SĂŠbĂž skule seier tilliten til prosessen med skulestrukturen er tynnsliten.
FAU-leiaren peiker pÄ saka frÄ TromsÞ, der kommunen ogsÄ brukte oppdikta kjelder.
Wiik meiner denne feilen ikkje har gjort administrasjonen ei teneste i det vidare arbeidet.
â I beste fall er dette eit heftig tilbakeslag. Eg trur ikkje dette gjer dei noko teneste, verken nĂ„r det kjem til prosessen eller truverdet deira.
Tek grep
KommunedirektÞr Christian Fotland gjentek at KI-feilen ligg i eit dokument som skulle vera tilleggsinformasjon til politikarane, og at konklusjonane i framlegget stÄr seg.
â Eg er veldig glad for at rapporten stĂ„r seg, slik den er i dag. Men dette er ein lĂŠrepenge som heile det offentlege Noreg bĂžr lĂŠra av, seier Fotland.
KommunedirektĂžren seier vidare at det blir teke grep med ein gong, for Ă„ hindra liknande feil.
â Me har starta med Ă„ laga ein KI-instruks, som skal sikra at me bruker KI rett, slik at me fĂ„r stramma dette opp.
â Var dette eit arbeid som var sett i verk fĂžr denne saka?
â Me byrja Ă„ jobba med dette i dag, for dette trur me er naudsynt no.
HĂžg kampvilje
FAU-leiar Thomas Wiik seier kampviljen for Ă„ hindra nedlegging ikkje har blitt mindre etter denne saka.
SĂBĂ SKULE: Ein av skulane som kommunedirektĂžren fĂžreslĂ„r Ă„ leggja ned.
â Det er eit enormt engasjement. Eg fĂ„r ein kontinuerleg straum av meldingar. Me kan ikkje leggja ned meir her no, seier Wiik.
Han blir ikkje sĂŠrleg roa av at Alver kommune no har sett i verk arbeidet med ein KI-instruks.
â Det er supert at dei fĂ„r pĂ„ plass dette no, men ein kan seia at det burde dei hatt for lenge sidan. Eg har snakka med mange i omrĂ„det, og folk byrjar Ă„ fĂ„ ein ganske tynnsliten tillit.
KommunedirektÞr Christian Fotland vedgÄr at KI-feilen har vore med pÄ Ä gje motstandarane av skulenedleggingar ammunisjon.
â Dette vil sikkert bli brukt til Ă„ sĂ„ tvil om rapporten. Men motstand mot skulenedlegging hadde det blitt uansett. Dette er ei krevjande sak, og ikkje noko me fĂžreslĂ„r med lett hjarte.
Kan skape uvisse
KI Noreg er regjeringa si satsing pÄ bruk av kunstig intelligens i bÄde offentleg og privat sektor. Tidlegare Nav-direktÞr Hans Christian Holte skal leia satsinga. Han seier dette om slike feil som blei gjort i Alver kommune:
â Eg trur heilt klĂ„rt at slike saker ikkje er sĂŠrleg tillitskapande. Det kan bidra til Ă„ skapa ei uvisse. Det er lurt Ă„ lĂŠra av slike saker, og det er mange som kan lĂŠra noko av det.
NY KI-SJEF: Hans Christian Holte er sjef i nyoppretta KI Noreg, som er ein del av regjeringa si KI-satsing.
Holte seier det er sÊrleg viktig Ä vera varsam med KI-bruken i saker som pÄverkar folk direkte. Han viser vidare til ei undersÞking der kring halvparten av kommunane i landet seier at dei har manglande kompetanse pÄ feltet.
Ei av oppgÄvene til KI Noreg er nettopp Ä gjera kommunar betre pÄ KI-bruk.
â Me skal koma med rettleiing og gje moglegheiter til Ă„ testa ut nye lĂžysingar i trygge omgjevnader. I lĂžpet av dei neste mĂ„nadane skal me sjĂ„ pĂ„ dette behovet.
â Kva konkrete rĂ„d vil du gje til kommunar som skal bruka KI?
â Det viktigaste er Ă„ vera trygg pĂ„ funna og effektane av KI-bruken, og at ein sĂžker informasjon og hjelp dersom ein er usikker. Og sĂ„ er det Ă„ byrja i ein trygg ende av skalaen, og ikkje gĂ„ rett pĂ„ KI-bruk ved viktige avgjerder, men kanskje heller prĂžva seg litt fram fĂžrst.