Herold

Sjå bilda av heile traktortoget: Odelsguten Henry (17) var med for første gong

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Håvard Ovesen Published: 2026-05-17 14:08:34
Sjå bilda av heile traktortoget: Odelsguten Henry (17) var med for første gong

Henry Odland frå Odland utanfor Varhaug stilte med nyvaska traktor i årets traktortog. Godt og vel eit par hundre traktorar køyrde frå Tjelta til Vigrestad 17. mai.

– Det er godt at ungdom får vera med på noko. Dette er ein dag alle gler seg til, seier Odland.

Som odelsgut har han sjølv planar om å ein dag ta over garden. I mellomtida tar han utdanning. Snart er han ferdig med førsteåret på TIF. Neste år skal han begynna på automasjon, eit fag han liker godt. Odland har allereie fått seg jobb i bransjen, ved sida av skulen.

– Eg jobbar med robotfjos, seier han.

Draumen er å få læreplass hjå Lely.

Odland synest det er bra at landbruket får vist seg fram med traktortoget.

– Alle byasane må sjå at det er landbruk her og at det er her me lagar mat, seier Odland.

Det er ikkje alle traktorar som er med heilt frå Tjelta til Vigrestad.

Etter Jærbladet si teljing var det i overkant av 170 traktorar med då opptoget passerte Nærbø.

– Eg blir heilt rørt, seier arrangør Irene Håland og smiler.

🏷️ Extracted Entities (16)

Henry Odland (person) Odelsguten Henry (person) 17. mai 🏷️ (keyword) 17. mai 2026 🏷️ (keyword) Hå 🏷️ (keyword) Klepp 🏷️ (keyword) Kultur 🏷️ (keyword) TIME 🏷️ (keyword) Traktortoget 🏷️ (keyword) Tjelta (entity) Vigrestad (place) Irene Håland (person) Lely (entity) Nærbø (entity) TIF (entity) Varhaug (entity)

📊 Metadata

Keywords: Kultur, Klepp, Time, Hå, 17. mai, 17. mai 2026, Traktortoget