Herold

Måsholmen - Når prestisje blir viktigare enn kritiske spørsmål

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Tom Staveteig, Florø Published: 2026-05-17 22:11:13
Måsholmen - Når prestisje blir viktigare enn kritiske spørsmål

Til no har vi settlite dokumentasjon som svarar ut dei grunnleggande spørsmåla:

Kva blir den reellekostnaden for kommunen ved utbygging av Måsholmen? Kor stor er risikoen? Kva inntekter skal bere investeringane? Og kva skjer dersom rekneskapen ikkje går opp?

Når investeringar på fleire hundre millionar kroner blir diskuterte i ein kommune med pressa økonomi, er det ikkje «negativitet» å stille slike spørsmål. Det er heilt grunnleggande ansvarleg politikk. Dersom kommunen nærmar seg ROBEK, handlar dette ikkje berre om eit næringsprosjekt – men om framtidig handlefridom for finansiering av skular, eldreomsorg, idrettsanlegg og andre lovpålagde kommunale tenester.

Det er også eit paradoksat det blir argumentert for redusert tungtrafikk gjennom sentrum, samtidig som prosjektet blir forsvara med at ein ønskjer meir areal, fleire aktørar og auka aktivitet. Meir aktivitet betyr normalt meir transport. Då held det ikkje med generelle påstandar!

Like viktiger sjølve den demokratiske prosessen. Det går no rykte om at enkelte parti ønskjer å låse gruppene sine til å stemme samla i saka. Partilojalitet er ein naturleg del av politikken, men i ei av dei største og mest irreversible sakene Kinn kommune har behandla, burde det vere rom for sjølvstendige vurderingar og kritiske spørsmål – også internt i partia.

Når gruppepresset blir så sterkt at ubehaget ved å stemme annleis blir for stort, får vi eit fattigare demokrati. Kommunestyret skal ikkje vere eit organ som berre stadfestar prosjekt som over tid har fått politisk momentum. Dei folkevalde er valde for å bruke eige skjønn på vegner av innbyggjarane.

Det handlar heller ikkjeberre om formelle vedtak og habilitet. Demokratiet er avhengig av tillit til at store avgjerder blir tekne gjennom opne og uavhengige vurderingar, der det er lov å vere kritisk utan å bli framstilt som motstandar av utvikling.

Kinn kommune har sjølvvedteke eit naturpolitisk dokument som seier at arealpolitikken skal vere kunnskapsbasert og berekraftig. Då må det også gjelde økonomien. Store naturinngrep kan ikkje forsvarast med håp, ambisjonar og prestisje aleine.

Det er ikkje udemokratisk å stille spørsmål ved Måsholmen-prosjektet. Tvert imot. Det er slik eit levande lokaldemokrati skal fungere.

🏷️ Extracted Entities (3)

Måsholmen (entity) Kinn (entity) ROBEK (entity)