Herold

Tyskarane ante ingenting: Så kom den store jubelen

Plus
Kilde: NH Author: Kasper Valestrand Published: 2026-05-17 14:43:55
Tyskarane ante ingenting: Så kom den store jubelen

Bubilturistane på Bruvoll Camping trudde dei vakna opp til ein heilt vanleg søndag. Så feil kunne dei ta.

– Ja, kva kan vi eigentleg om 17. mai?

Frank frå Hannover i Tyskland klør seg litt i hovudet. For kva kan han og kona Anja eigentleg om den norske nasjonaldagen.

– Vi veit det er mykje fest, prøver Anja seg.

– Ja, og så er det mykje flagg, seier Frank.

Det siste skal det ikkje mykje til å tenke seg fram til. Rundt om på Bruvoll Camping ved fylkesveg 57 i Alver er det sett opp mengdevis av norske flagg.

Trykk vidare for å sjå bilde av den lokale feiringa.

Hundvin 1

Kjem med jubelbrølet

Når NH møter det tyske campingparet har dei akkurat pakka saman på campingplassen. No ber vegen vidare nordover til Måløy.

– Du skjønner det, vi har ferie i tre veker. Så då køyrer vi langs kysten til Trondheim frå Kristiansand, så snur vi når vi kjem så langt.

Frank og Anja har valt den perfekte dagen å feriere i Norge på. Dei gjer store auge når avisa fortel om folketog, korps og eting av is og pølse.

– Då må vi jo stoppe opp når vi ser dei som er ute feirar, seier Anja.

Tyskarane fortel at dei ikkje har dagar som dette i heimlandet. Feiringa 1. mai for arbeidarar er det nærmaste dei kjem.

– Får eg eit lite jubelbrøl for 17. mai?

– Ja! Hurra!

Trykk vidare for å sjå bilde av den lokale feiringa.

Hundvin 2

Ein viktig plass

Det nærmaste folketoget er ikkje langt unna for tyskarane. Rett gjennom tunnelen frå Bruvoll, står barn og vaksne på plass framfor det legendariske ungdomshuset Dalheim.

Bygget har gjennom tida sett mykje dans og moro. Det er sjølvsagt her 17. mai-feiringa for folket i Hundvin-området skjer.

I sentrum av feiringa står to sjuandeklassingar frå Skodvin Montessoriskule.

– Kan Emil og Peter komme opp hit? kjem det frå 17.maikomiteen.

Er med på dagen

Oppe på trappa framfor ungdomshuset held dei to tale framfor bygdefolket. Gutane snakkar om kva 17. mai betyr for dei.

– Nasjonaldagen handlar om fellesverdiane vi som nordmenn har. Både dei små og store av oss.

Ein som dagen betyr mykje for er Jonas Fyllingsnes. Kledd i raud russedress kunne han ha vore ute og feira dagen med medrussen. Men feiringa må vente til seinare.

– Dette er viktig å stille opp på, seier han om si eiga rolle som medlem av Skodvin Skulemusikk.

Trykk vidare for å sjå bilde av den lokale feiringa.

Hundvin 3

🏷️ Extracted Entities (17)

Anja (person) Bruvoll Camping (person) Alver (entity) Dalheim (place) Emil (entity) Frank (entity) Hannover (entity) Hundvin (entity) Jonas Fyllingsnes (person) Kristiansand (place) Måløy (place) Norge (entity) Peter (entity) Skodvin Montessoriskule (person) Skodvin Skulemusikk (person) Trondheim (place) Tyskland (place)