Herold

Sogndal kommune vil retta feil på postlista

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Renate Sæle Published: 2025-12-06 14:11:38
Sogndal kommune vil retta feil på postlista

Beklagar og går gjennom rutinar og innstillingar.

Ved overgang til nytt sak- og arkivsystem i 2022 vart det gjort ulike innstillingar i systemet som har ført til at ein del post ikkje har vorte synleg på postlista til rett tid, går det fram på nettsida til Sogndal kommune denne veka.

"Dette vart nyleg oppdaga, og me jobbar no iherdig for å ordna opp i dette. All post vil komma på postlista i løpet av kort tid. Post/dokument vil verta synlege på den datoen dei vart journalførte", skriv kommunen.

Det går vidare fram at kommunen beklagar dette og ulempene det kan ha ført til.

Me går no gjennom rutinar og innstillingar for å hindra at noko liknande skjer igjen, skriv kommunen.