Farmasøytane ser ein aukande trend: – Det er viktig å sjekka seg
Plus
Får mange spørsmål om flått og vaksine.
– Det er viktig å sjekka seg for flått og fjerna den så fort ein kan. Blir den fjerna innan 24 timar, kan ein redusera risikoen for borreliose. Andre tiltak er å bruka langerma tøy og mygg- og flåttmiddel.
Det er oppmodinga frå Mette Karlsen Lilleby, farmasøyt ved Vitusapotek i Årdal.
Høgsesongen for flått er i gang over store deler av landet, og nye tal frå FHI viser at fleire blir smitta av flåttborne infeksjonar.
Det kjem fram i ei pressemelding frå apoteket.
TBE
Ein av desse infeksjonane er skogflåttencefalitt (TBE) som smittar gjennom flåttbit.
– Det er ein potensielt alvorleg sjukdom, seier Lilleby.
Ho forklarar at dei som blir smitta kan oppleva influensaliknande symptom som feber, hovudverk og muskelsmerter.
– Andre kan få eit meir alvorleg sjukdomsforløp, med hjerne-, hjernehinne- eller ryggmergsbetennelse.
Aukande trend
I ein rapport frå FHI kjem det fram at det i 2025 var 96 tilfelle av TBE i landet. Det er 20 fleire enn året før.
Den auka trenden er truleg samansett av fleire faktorar.
– Klimaendringar, bestandsstørrelsen av vertspopulasjonar og at fleire var meir utandørs i pandemiåra, kan ha påverka førekomsten, seier Siri Feruglio, avdelingsdirektør i FHI.
Dei siste åra har også talet personar som vaksinerer seg auka. TBE kan førebyggjast med vaksine, men den beskyttar ikkje mot andre flåttborne sjukdomar som borreliose.
– Ei av årsakene til at mange vaksinerer seg, er fordi det ikkje finst spesifikk behandling for TBE, seier farmasøyten og oppmodar barn og vaksne som er særleg utsett for flåttbit om å vaksinera seg.
Anbefaler fleire dosar
Det er anbefalt å ta ny dose etter tre år.
– Me anbefaler først og fremst dei som oppheld seg i flåttutsette område der viruset har blitt påvist om å ta vaksinen. Du kan få sett vaksinen hjå apoteket med resept frå lege. For barn og vaksne under 30 år er det anbefalt å ta tre dosar. Vaksne over 60 år og personar med svekkja immunforsvar bør ta fire dosar.
FHI og Flåttsenteret har oversikt over utsette område.
– Kontakt lege dersom du får teikn på alvorleg infeksjon etter eit flåttbit, som sterk hovudverk, påverka allmenntilstand eller symptom som kan tyda på hjernebetennelse, seier Lilleby.