To slåstkampar mellom unge menn
Plus
Politiet rapporterer om to slagsmål i Sogndal natt til søndag.
Først kom det melding frå eit hotell om slagsmål mellom to partar, går det fram av politiloggen. Meldinga kom klokka 00.36 og gjekk ut på at den eine parten, ein mann i 20-åra, hadde skade i nasen.
Politiet kom til staden og var i kontakt med begge partar. Den fornærma fekk behandling på legevakt og mistenkte, også han ein mann i 20-åra, vart vekkvist frå staden.
Operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt kan søndag morgon supplera med eit anna slagsmål.
– Også det i Sogndal sentrum, klokka 02.22. Patruljen kom over dette, det roa seg då politiet kom og fekk kontroll på dei.
Rebnord seier begge, to menn rett under 20 år, vart vekkviste frå sentrum. Ingen av dei har så langt villa politimelda.