Lobotomert: Ein skamplett i psykiatrihistoria
Plus
Ny bok av Oddrun Midtbø.
Etter boksuksessen: «Harastølen; ein heim for dei utstøytte» utgjeve på OMI forlag i 2023, presenterer nå OMI ei ny bok av Oddrun Midtbø. Ho held seg innanfor det medisinske fagfeltet og miljøet kring det siste hundreåret sin skamplett innan behandling av sinnslidande, nemleg Lobotomering!
Fyrst: Dette er ei bok som ber mykje interessant, men og grufull informasjon og kunnskap mellom permane. Forfattaren har gjort eit imponerande arbeid med innsamling av stoff og redigering av all det research-arbeidet som har på gått i fleire år.
Ikkje minst er det svært interessant å lesa om det møysommelege arbeidet Midtbø har utført med søkjeprosessen, med å få innsyn i diagnosar og anamneser i tanta til far til forfattaren, Juliane Maria Tvedt, sin sjukdom. Men helsemyndigheitene laga ein del krøll, slik at forfattar Oddrun Midtbø måtte laga heile fire søknader, før noko om den lobotomerte slektningen kunne tola dagens lys.
Boka er særleg tettskriven og lett å lesa. Oddrun Midtbø viser seg også vera ein dugande habil illustratør, noko den 280 sider A-4 boka ber preg av. Bokdesign og grafisk formgjeving er av høg klasse.
Denne boka er eit døme på korleis prosa og fag går hand i hand i ein svært heldig symbiose.
Lobotomering-soga både i Noreg og i utlandet vert forklart på ein nær sagt pedagogisk måte. Den siste lobotomerte pasienten i Noreg fekk si hjernekirurgiske behandling i 1974. No er denne bestialske, nærast torturliknande behandlinga forbode.
No har «kjemisk lobotomering » overteke, noko som ikkje gjer fysisk skade. Det var den amerikanske utvikla «vedundermedisinen» Ataraxica, frå midten av 1950-talet, med sine hundretals variantar, som og vert nytta i psykiatrien i dag.
Ukjend slektning dukka opp i gamle papir. No har Oddrun skrive bok: – Ein skamplett i psykiatrihistoria