Herold

Vart stukken med penn på 16. mai-grillfest

Plus
Kilde: Firda Author: Ivar Bruvik Sætre Published: 2026-05-17 06:28:02
Vart stukken med penn på 16. mai-grillfest

Ein krangel eskalerte kraftig i Loen natt til 17. mai.

Klokka 02.35 fekk politiet melding om at ein mann i 30-åra truga ein annan mann i 40-åra med kniv.

Andre festdeltakarar greip inn og tok kniven vekk. Like etterpå skal den same mannen ha stukke ein penn i haka på den andre mannen.

– Det er ukjent kva som er årsaka til konflikten mellom mennene. Politiet har søkt etter den mistenkte, men ikkje funne han, melder operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.

Politiet har oppretta sak på truslar og kroppsskade.

🏷️ Extracted Entities (3)

Loen (entity) Morten Rebnord (person) Vest (entity)