Bunad for alle?
Plus
NĂ„r bunadbruk- og handverk berre kjennest mogleg pĂ„ bestemte premissar, blir bunaden mindre folkeleg. Vi treng fagkunnskap, men vi treng ĂČg tillit til at folk kan lĂŠre, prĂžve og bruke bunaden utan Ă„ «ha alt klart».
Kvar vÄr blussar debatten kring bunaden opp. MÄ eg ha hovudplagg? Kan eg bruke joggesko? Kva med silketÞrkle og fargerike skjorter? Slike spÞrsmÄl kjem att Är etter Är. Det meir interessante Ä spÞrje seg er heller: Korleis kan fleire fÄ reell tilgang til bunaden: som plagg, handverk og kulturarv?
Bunaden er meir enn eit festplagg. I 2024 vart Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis skriven inn pÄ UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det minner oss om at kulturarven ikkje berre ligg i stoff og sÞlv, men og i bruken og i kunnskapen som gÄr i arv mellom menneske.
Ei uro vi bÞr ta pÄ alvor
I bunadmiljÞet har det vore peikt pÄ ei uro: Handverkstradisjonar kan bli svekte dersom terskelen for Ä lÊre og Ä delta blir for hÞg. NÄr fÊrre kjenner at dei kan setje seg inn i bunadssaum, reparasjon og vedlikehald, mistar vi noko av det folkelege kunnskapslaget bunadtradisjonen kviler pÄ.
Samstundes mĂ„ vi halde fast ved noko som ĂČg er sant: Fagkunnskap er heilt avgjerande. Bunadtilverkarar, forsking- og dokumentasjonsmiljĂž og dei som sikrar kvalitet i teknikkar og materiale, ber mykje av ansvaret for at bunaden blir teken vare pĂ„. Utfordringa er Ă„ styrkje fagmiljĂža, utan Ă„ stengje dĂžrene for dei som vil lĂŠre Ă„ lage sjĂžlve.
Unge vil lĂŠre
Statusrapporten Bunad nÄ! Status 2025 viser at mange unge Þnskjer Ä sy heile eller delar av bunaden sjÞlve, sÄ lenge dei fÄr rettleiing. Det er eit gledeleg teikn. Slik kan bunaden framleis vere ein inngang til praktisk skaparglede.
Likevel opplever mange at det er vanskeleg Ä kome i gang. For ein del bunader er det krevjande Ä fÄ tak i materiale utan Ä gÄ pÄ kurs fÞrst, og somme mÞter stengde dÞrer nÄr dei ber om metervare eller delar dei treng. Ordningane kan ha gode grunnar: kvalitetssikring, avgrensa lager, leverandÞravtalar og Þnskje om at folk skal lykkast. Men effekten kan bli at bunadssaum kjennest som noko vi berre kan lÊre pÄ bestemte premissar, i staden for noko ein gradvis kan setje seg inn i og meistre.
NÄr terskelen blir for hÞg, tapar vi pÄ fleire mÄtar. FÊrre tÞr Ä gjere enkle reparasjonar. Bunaden blir meir sÄrbar i bruk. Den folkelege kunnskapen blir svakare, fordi fÞrste mÞtet med bunadhandverk kan kjennast bÄde dyrt, utilgjengeleg, og berre for dei faglÊrde.
NĂ„r du sjĂžlv, eller nokon du kjenner, har bidrege med noko pĂ„ bunaden, blir han meir enn berre eit plagg. Han blir eit minne du kan ta pĂ„. Og, ja â det kan ogsĂ„ vere det som gjer at ein kjem i mĂ„l Ăžkonomisk.
Kva kan opne dĂžrene?
Om vi meiner alvor med bunadglede for alle, mÄ vi sjÄ pÄ korleis lÊring og tilgang fungerer i praksis. Rettleiing treng ikkje alltid Ä vere lik kostbare kurslÞp. For mange er gode instruksjonar, opne fagkveldar eller enkel rettleiing undervegs nok til Ä kome i gang. Like viktig er det Ä gi folk tillit til Ä prÞve sjÞlve: vi mÄ stole pÄ dei som har erfaring, eller tilgang pÄ kunnskap gjennom familie, vener eller andre med handverksbakgrunn. Ein skal ikkje trenge Ä gÄ pÄ eit nytt kurs for kvar stakk ein sett i gang med.
Reparasjon og omsaum bĂžr ĂČg bli ein meir naturleg del av bunadbruken. Ă tilpasse, lappe eller sy om ein bunad er ein viktig vidarefĂžring av tradisjonen, og eit konkret uttrykk for berekraft. Det same gjeld brukt bunad: NĂ„r ein bunad fĂ„r gĂ„ i arv eller bli seld vidare og tilpassa ein ny brukar, blir han ei kjelde til glede igjen og eit godt berekraftig val.
Og sÄ er det verdt Ä poengtere ein viktig ting: Du treng ikkje Ä «ha alt klart» fÞr du kan bruke bunaden. Bunaden er fÞrst og fremst ein brukstradisjon. Har du ikkje stÞlebelte, hovudplagg eller alle delane pÄ plass enno, kan du likevel gÄ i bunad med det du har. TilbehÞyret kan kome etter kvart, eller ikkje i det heile.
Fem organisasjonar - Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon - samarbeider for Ä styrkje bunaden som tradisjonshandverk og sosial praksis. Dette arbeidet handlar i praksis om Ä ta vare pÄ kvalitet og kunnskap, samstundes som fleire fÄr ein veg inn.
Bunaden som felles eigedom
PÄ 17. mai gÄr vi ikkje i bunad for Ä bestÄ ein test. Vi gÄr i bunad for Ä feire, hÞyre til og kjenne oss som del av noko stÞrre. Da mÄ bunaden romme bÄde dei som har fagbrev og dei som har lyst til Ä prÞve, dei som «kan alt» og dei som vil lÊre. Og han mÄ romme dei som ikkje bryr seg om noko anna enn Ä ha pÄ seg det finaste dei har.
Bunadglede handlar om Ä opne dÞrer, ikkje Ä stengje dei. SpÞrsmÄlet er om vi held dÞra open for alle.