Kvinne i 80-åra utsett for vald – politiet har kontroll på ung kvinne
Kvinne i 80-åra skadd etter valdshending på Askøy.
Rett før klokka 08.00 meldte Vest politidistrikt om trusselsituasjon i Strusshamn i Askøy kommune utanfor Bergen.
– Dei innleiande meldinga gjekk på at det var ein trusselsituasjon, og me rykte ut med ein rad ressursar, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Mellom anna fekk dei melding om at ei kvinne skal ha truga med pistol, og situasjonen var lenge uoversiktleg.
Dette viste seg seinare å ikkje stemma.
– Me jobba ei stund med å få avklart forholdet. Men slik me forstår det no, har det ikkje vore ein trusselsituasjon, seier operasjonsleiaren til NRK.
Politiet rykte ut med fleire einingar etter det som i starten vart meldt som ein trusselsituasjon. Og etter meldingar om at det hadde vore truga med pistol. Seinare viste det seg ikkje å stemma.
Fann skadd eldre kvinne
Dei har ingen haldepunkt for at det har vore truga med pistol.
Men på ein adresse vart ei kvinne i 80-åra funne skadd.
– Ho hadde skader i ansiktet, og får tilsyn av helsepersonell, fortel Dahl-Michelsen.
Ifølgje politiet skal den eldre kvinna ha vorte utsett for vald i eller utanfor sin egen heim. Politiet opprettar sak på førehaldet.
Politiet har kontroll på ung kvinne
I samband med hendinga fekk politiet kontroll på ei ung kvinne. Ho er mistenkt for å ha noko med valdshendinga å gjera, men er enno ikkje formelt sikta opplyser politiet klokka 10.40.
Ho er no overtatt av helsevesenet og innlagt på psykiatrisk sjukehus.
Kvinna skal ha vore involvert i dei første meldingane til politiet.
– Bakgrunn og motiv for valdshendinga er ikkje kjent. Kvinna får tilsyn av helsepersonell, seier operasjonsleiaren.
Det er også fleire vitne som blir avhøyrt av politiet.
– Me snakkar med fleire vitne i saka, seier operasjonsleiaren.
Politiet jobbar med å få oversikt etter melding om truslar på ei adresse på Askøy fredag morgon.