Herold

Saknar hjelp for stalking-utsette: – Såg meg over skuldra heile tida

Kilde: NRK Author: Helene Hjelseth Holen Published: 2026-05-15 14:52:27
Saknar hjelp for stalking-utsette: – Såg meg over skuldra heile tida

Danskar som stalkar eller blir stalka, har sitt eige hjelpesenter. Kan det vere løysinga på stalking-problemet her i Noreg?

Saka oppsummert

  • Stalking har hatt ei merkbar auke i Noreg dei siste ti åra, men det finst ikkje eit eige hjelpetilbod for verken utsette eller utøvarar.
  • I København finst eit senter som gir både juridisk og psykologisk hjelp til både offer og utøvarar av stalking.
  • 8 av 10 stalkarar sluttar med stalking etter målretta psykologisk behandling, ifølgje det danske senteret.
  • Norske Jeanett vart stalka av ein amerikanar som vart besett av henne gjennom sosiale medium. Ho opplevde frykt og utryggleik i kvardagen.
  • Jeanett ønskjer at Noreg skal få eit liknande hjelpesenter som det danske, for å gi støtte til dei som opplever stalking.

– Frå første sekund eg gjekk ut døra, var eg livredd. Eg såg meg over skuldra heile tida, og lurte på når eg kom til å møte han.

Jeanett Brudeseth Bersås fortel om den skumlaste perioden i livet hennar:

Då ho vart stalka av ein framand.

– Til og med når eg var heime, så begynte eg å lukke att gardinene, og var redd han stod utanfor, seier ho.

NRK har forsøkt å kontakte mannen som Jeanett opplevde å bli stalka av, men han har ikkje svart på førespurnaden vår.

Han har tidlegare uttalt til NRK at historia til Jeanett ikkje stemmer med hans oppfatning.

– Frå første sekund eg gjekk ut døra, var eg livredd. Eg såg meg over skuldra heile tida, og lurte på når eg kom til å møte han, seier Jeanett Bersås om perioden då ho vart stalka.

I dag skulle Jeanett ønskje det var meir hjelp å få.

Stalking har hatt ei kraftig auke dei siste ti åra.

Men det finst ikkje noko eige hjelpetilbod for dei som opplever – eller utøver – stalking.

Kan løysinga liggje hjå våre danske naboar?

Innom desse veggane, finst det hjelp mot stalking.

Kva er stalking?

  • Stalking, eller personforfølging, er gjenteke, ubehageleg kontakt som framkallar frykt eller uro.
  • Kontakta har gått føre seg i meir enn to veker, og utøvaren har fått klar beskjed om at det er uønskt.
  • Kan vere eit bredt spekter av handlingar.
  • Personar som blir utsett for stalking kan oppleve angst, depresjon og søvnvanskar, for å nemne noko.
  • Personforfølging, som er ordet brukt for «stalking» i norsk lov, er straffbart i Noreg.

Kjelder: Kjersti Narud, dinutvei.no og snl.no.

To dører inn til hjelp

I eit teglsteinsbygg nord i København, nærare bestemt i bydelen Emdrup, ligg Dansk Stalking Center.

Gjennom to forskjellige inngangar, kan både personar som blir utsett for stalking ogstalkerane sjølv, komme inn for å få råd og hjelp.

– Vi kan både støtte dei i kontakt med kommune, politi og andre instansar rundt dei, samt gi dei noko psykologbehandling, seier Sascha Tolstrup Jensen.

Ho er jurist her på senteret.

– Dei som er utsett for stalking, kjem primært gjennom ei frivillig, open telefonrådgjeving som er anonym, seier jurist Sascha Tolstrup Jensen ved Dansk Stalking Center.

Jensen seier at dei også merker mangelen på eit liknande tilbod i andre land.

– Vi får innimellom førespurnader frå personar både i Noreg, Sverige og andre land som har leita etter eit tilbod der dei bur, og ser at det ikkje finst.

– Hadde ringt med éin gong

Men her heime i Noreg har vi ikkje eit stalking-senter, eller noko tilsvarande.

Det skulle Jeanett ønskje at ho hadde, då det stod på som verst.

Det var veldig skremmende, og heilt nytt. Eg hadde jo ikkje noko informasjon om korleis eg skulle handtere det.

Jeanett Bersås

– Om vi fekk noko sånt i Noreg, så hadde eg blitt ekstremt glad, seier ho i dag.

Jeanett er ein populær fiske-influensar, med meir enn 20 tusen følgjarar på Instagram, frå heile verda.

For nokre år sidan, fekk ho ei melding frå ein ukjend amerikanar, som ho svarte på.

Det skulle ho aldri ha gjort.

Jeanett deler mykje om fiske-kvardagen sin på sosiale medium.

Jeanett har fortalt historia si i podkasten «Stalker».

Du kan høyre både sesong 1 og 2 i NRK Radio:

Amerikanaren vart heilt oppslukt av Jeanett.

Han laga kunst av bileta ho la ut på Instagram, og sende haugevis av heimelaga verk og andre «gåver». Strikka vottar, kjærleiksbrev og teikningar.

Han tatoverte til og med ei teikning av Jeanett på arma si.

Så kom han med fly frå USA til den vesle byen Jeanett budde i, og ho gjekk med på å møtast.

Men etter det litt kleine møtet mellom dei to, bytte amerikanaren profilbilde på Facebook – til eit bilde av dei to saman.

Det fekk folk til å tru at dei er kjærastar.

– Her er ein mann som har lyst til at andre skal tru at det er noko mellom oss, så eg ber han ta det vekk. Og han reagerer med sinne, forklarte Jeanett i podkasten «Stalker».

Amerikanaren fortsette å plage Jeanett i månadsvis.

Jeanett Bersås er tidlegare noregsmeister i havfiske.

Men det tok lang tid før ho skjønte at det var ein stalker ho hadde med å gjere.

– Det var akkurat som om hjernen min motarbeida meg til å ta inn den informasjonen, seier Jeanett i dag.

Ikkje ei homogen gruppe

Kva ser du for deg når du høyrer ordet stalker?

Kanskje ein ukjend skikkelse som luskar rundt?

Eller ein overivrig fan som har skikkeleg oppheng i ein kjendis?

Kanskje du tenkjer på Martha frå Netflix-serien «Baby Reindeer»?

Jessica Gunning som stalkeren Martha i serien «Baby Reindeer» frå 2024.

For korleis ser eigentleg ein stalker ut?

– Det er ikkje ei homogen gruppe, det er alle moglege personar. Både menn og kvinner, seier Sascha Tolstrup Jensen ved Dansk Stalking Center.

Fakta om Dansk Stalking Center

  • Den opne telefonrådgjevinga hadde i 2024 1625 samtalar.
  • 90 % av samtalane var med nye brukarar, mens 10 % var frå brukarar som også tidlegare har ringt.
  • Av alle brukarar var 80 % kvinner og 20 % menn.
  • 60 % av brukarane vart stalka av ein ekskjæraste, eksdate eller annan intim relasjon.
  • 8 % opplevde å bli stalka av ein venn eller kjenning, 7 % av eit familiemedlem og 6 % av ein nabo.
  • Omtrent 10 % opplevde å bli stalka av ein framand, eller ein dei ikkje veit kven er.

Kjelde: danskstalkingcenter.dk

Ho forklarar at ein ikkje kan sjå likskapstrekk som tyder på at ein person har potensial til å bli ein stalker.

– Men det er menneske som kjenner på ei misnøye, og som manglar andre måtar å handle på den misnøya.

– Stalking er ikkje ein diagnose, det er ikkje ein sjukdom. Det er ei åtferd, og det er ei åtferd som det kan gi meining å behandle, seier jurist Sascha Tolstrup Jensen.

Nettopp det prøver dei å peike på i behandlinga, for å sjå på kva du kan gjere i staden for å stalke.

– Psykologane prøver å bryte med det gamle mønsteret og skape eit nytt mønster hjå disse personane, seier Jensen.

Stalking er ikkje ein diagnose, det er ikkje ein sjukdom. Det er ei åtferd, og det er ei åtferd som det kan gi meining å behandle.

Sascha Tolstrup Jensen jurist, Dansk Stalking Center

Behandling som verkar

Og ifølgje det danske senteret, så verkar det faktisk.

Ein rapport dei publiserte i fjor haust, viser at målretta psykologisk behandling kan få utøvarar til å stoppe stalking.

Dansk Stalking Center i København.

8 av 10 sluttar med stalking etter behandling, og dei fleste opplever forbetra trivsel og større innsikt i eigen åtferd.

Å bli møtt som eit menneskje, og ikkje som eit monster, har gitt meg innsikt i kvifor eg reagerte som eg gjorde, og hjelpt meg med å stoppe.

Utøvar i behandling hjå Dansk Stalking Center

Rapporten byggjer på data frå 250 utøvarar i behandling mellom 2017 og 2025.

– Likevel får alt for få hjelp i dag, og det betyr at stalkingen fortset, og utryggleiken for dei utsette held fram, skriv Dansk Stalking Center i ei pressemelding.

🏷️ Extracted Entities (19)

Dansk Stalking Center (organization) Jeanett Brudeseth Bersås (person) Noreg (entity) Sascha Tolstrup Jensen (person) København (entity) Stalking 📁 (category) Baby Reindeer (entity) Instagram (entity) Martha (entity) Stalker (entity) Emdrup (entity) Facebook (entity) Jeanett Bersås (person) Jessica Gunning (person) Kjersti Narud (person) Netflix (entity) Norske Jeanett (organization) Sverige (entity) USA (entity)

📊 Metadata

Category: Stalking