Desse kontroversane prega Ärets ESC
70 Är med glitter, glam og kontroversar. I Är var ikkje annleis. Desse kontroversane prega den stÞrste musikkonkurransen i verda i Är.
Israel-elefanten
Eden Golan representerte Israel i 2024, den fÞrste utgÄva av konkurransen etter Gaza-krigen starta.
Som dei to fĂžregĂ„ande Ă„ra var det ĂČg i Ă„r knytt store kontroversar til Israel si deltaking i konkurransen.
Irland, Island, Nederland, Slovenia og Spania har vald Ä trekka seg frÄ konkurransen som eit resultat av at Israel framleis er med.
Det var knytt stor spenning til om Israel fekk bli verande dÄ EBU i fjor haust inviterte medlemslanda til avstemming om Israel skulle bli kasta ut.
Denne avstemminga blei derimot avlyst dÄ det blei inngÄtt vÄpenkvile pÄ Gaza 10. oktober.
Likevel har det blitt gjort fleire endringar.
Endringane i Ärets ESC:
- Talet pÄ stemmer kvar enkelt person kan gje er redusert frÄ 20 til 10 per betalingsmetode.
- Reglane for promotering av nummer er stramma inn for Ă„ hindra eksternt drivne kampanjar
- Kringkastarar og artistar kan ikkje aktivt stÞtta kampanjar frÄ tredjeparter, slik som til eksempel ei regjering.
- Juryordninga blir utvida til Ă„ igjen vera gjeldande i semifinalen, i tillegg til at det skal vera fleire jurymedlemar.
- Forsterka tryggingstiltak rundt dei tekniske stemmeordningane for Ă„ hindra juks og lettare oppdaga mistenkelege stemmemĂžnster.
â Det kan verka som om EBU har lytta til NRK og fleire andre medlemsland, og gjort justeringar som peikar i riktig retning, sa Charlo Halvorsen i november. Han er redaktĂžr for Underhaldning og fiksjon i NRK.
NRK har derfor vald Ă„ bli verande i konkurransen trass at fleire land har trekt seg.
Maskert svenske med Israel-kritikk
FELICIA haustar kritikk frÄ fleire hald.
Felicia Eriksson vann svenske Melodifestivalen i mars og skal derfor representera Sverige i ESC i Är.
Det har ikkje vore utan kontroversar.
FELICIA, tidlegare kjend under artistnamnet Fröken Snusk, har mellom anna fÄtt kritikk i heimlandet fordi ho alltid opptrer med maske.
I kjÞlvatnet av sigaren hennar i Melodifestivalen uttala ho mellom anna at ho ikkje synest Israel skal fÄ lov til Ä delta i konkurransen.
Dette fall ikkje i god jord hos den israelske kringkastaren KAN som reagerte pÄ det dei meinte var politiske utsegner frÄ den svenske ESC-deltakaren.
Den svenske Israel-kritikken har ikkje fÞrt til sanksjonar frÄ EBU.
â For sexy
Det blei for mykje «Bang Bang» for EBU i nummeret til Jonas Lovv.
PÄ den turkise lÞparen under opningsseremonien pÄ sundag kunne norske Jonas Lovv avslÞra at han hadde fÄtt ei Ätvaring frÄ EBU.
Han fekk ikkje lov til Ä gÄ i detalj, men tilbakemeldinga frÄ arrangÞren gjekk pÄ at dei meinte nummeret ikkje var barnevenleg nok.
â Me har fĂ„tt beskjed om Ă„ tona ned «sex appealen» fordi det ikkje er familievenleg nok, sĂ„ det skal vi gjere, sa delegasjonsleiar Mads TĂžrklep til NRK sundag kveld.
EBU har dei siste Ära streva etter at programmet skal vera sÄ familievenleg som mogleg.
I fjor fekk til eksempel finske Erika Vikman beskjed om at kostymet hennar var for avslĂžrande.
Erika Vikman i kostymet som EBU til slutt godkjende
No mÄ norske Jonas Lovv endra pÄ nummeret fÄ dagar fÞr han skal til pers pÄ den store scena.
â Eg skjĂžnar ikkje kva dei snakkar om. Eg er den minst seksuelle personen i delegasjonen, sa Jonas leande til NRK-reporteren i Wien.
Israel testar regelverket
Israelske Noam Bettan etter semifinalen pÄ tysdag.
Ei av endringane EBU har gjort i Ärets konkurranse er at dei har tydeleggjort regelverket kring korleis statar og regjeringar kan og ikkje kan aktivt stÞtta deira lands bidrag.
Under fjorÄrets konkurranse var det til eksempel fleire tilfelle av folk over heile verda som fekk oppmodingar om Ä stemma pÄ det israelske bidraget 20 gongar i ein reklame pÄ YouTube.
Tidlegare i mai begynte det nok ein gong Ă„ poppa opp reklamevideoar, denne gongen med Ă„rets israelske artist Noam Bettan, kor det blei oppmoda om Ă„ stemma 10 gongar â det maksimale talet pĂ„ stemmer med dei nye reglane.
EBU var raske pÄ ballen og sende ut ei formell Ätvaring til den israelske kringkastaren KAN.
I ein offisiell uttale skreiv dei at sjĂžlv om dei nye reglane hovudsakeleg er meint for Ă„ hindra pĂ„verking frĂ„ tredjepartar, var denne forma for marknadsfĂžring ĂČg uheldig.
â Ei direkte oppmoding om Ă„ stemma 10 gongar pĂ„ ein artist er ikkje i trĂ„d med reglane eller fĂžremĂ„let til konkurransen.
Den israelske kringkastaren fjerna videoane med det same dei mottok Ätvaringa frÄ EBU.
Finsk fiolin til bry
Linda Lampenius og Pete Parkkonen framfÞrer lÄta «Liekinheitin»
Linda Lampelius og Pete Parkkonen representerer Finland i ESC i Är med lÄta «Liekinheitin».
Lampelius syng ikkje, men spelar fiolin i nummeret som i skrivande stund ligg Þvst pÄ bettinglistene over kven bookmakerar tru kjem til Ä vinna konkurransen.
Det har vore knytt stor spenning til om Lampelius skulle fÄ lov til Ä spela fiolin «LIVE» pÄ scena, noko som blei bekrefta frÄ EBU si side at ho fekk fÞrre veke.
Dette har fÄtt fleire fans til Ä reagera pÄ det dei meiner er forskjellsbehandling ettersom regelen frÄ 1999 har vore at alle instrument skal vera innspelte pÄ fÞrehand.
Publikum fekk til eksempel berre hÞyra fÞrehandsinnspelt fiolin dÄ Alexander Rybak vann finalen i 2009.
Alexander Rybak dÄ han tok Noregs forelÞpig siste ESC-sigar med «Fairytale» i 2009.
EBU seier i ein uttale at avgjerda om Ă„ la Finland spela fiolin i finalen er teke av kunstnariske omsyn i tett dialog med den finske delegasjonen og den austerrikske arrangĂžren.
SpÞrsmÄlet blir dÄ om Finland set ein ny presedens for bruken av Live-instrument pÄ ESC-scena, eller om det er snakk om eit eingongstilfelle.
Umusikalsk pauseinnslag
Programleiar Victoria Swarovski hadde ein leksjon om ESC sitt forhold til skeive.
Under den andre semifinalen pÄ torsdag blei det sendt eit fÞrehandsinnspelt pauseinnslag om forholdet mellom ESC og skeive.
â Ho pratar om dei som om dei var apar i bur, seier ESC-ekspert i Aftonbladet, Tobbe Ek, til NRK.
â Kvifor er det berre skeive i Eurovision no? Har dei teke over?
Slik lyder eit av spÞrsmÄla frÄ forelesingssalen i innslaget.
Programleiaren set sÄ i gang «leksjonen».
â Min fĂžrste tanke er at det verkar gamaldags. Seksuell legning er ikkje nokon markĂžr Ă„ snakka om lenger. Det kjennest gamalt.
Det seier redaktĂžr for Underhaldning og fiksjon i NRK, Charlo Halvorsen.
Charlo Halvorsen er i Wien under ESC denne veka.
â Det er berre teit. Litt unĂždvendig, kanskje. Og sĂ„ er det ikkje noko Ă„ bry seg om heller, legg Halvorsen til.
Konkurransesjefen som ikkje blei erstatta
Martin Ăsterdahl forlĂ©t ESC i 2025 etter to av dei mest turbulente Ă„ra i historia.
Svenske Martin Ăsterdahl har sidan 2020 vore sĂ„kalla «Executive Supervisor» for ESC. Han har hatt det Ăžvste ansvaret for at alt gĂ„r som det skal i konkurransen.
Norske Jon Ola Sand hadde denne rolla i mange Är, og var kjend for «catchphrasen» sin «Take it away».
Norske Jon Ola Sand var konkurransesjef for ESC frÄ 2011 til 2019.
Ăsterdahl oppnĂ„dde nok aldri same kultstatus som Sand, men prĂžvde seg lenge pĂ„ sin eigen «You're good to go».
I 2024 oppstod det kraftig buing i salen dĂ„ Ăsterdahl skulle godkjenna stemmeresultatet pĂ„ finalekvelden.
Dette var nok eit resultat av den kaotiske veka i Malmö kor nederlandske Joost Klein var blitt diskvalifisert kort tid fÞr finalen, og det var mykje uro knytt til Israel si deltaking.
DĂ„ resultatet skulle presenterast i 2025 var dette utan «catchphrasen» og med ein stum tommel opp i kamera frĂ„ Ăsterdahl.
Seinare det Ă„ret, slutta Ăsterdahl i jobben som konkurransesjef.
Jobben hans fekk derimot ingen erstattar. I staden har EBU vald Ä organisera seg pÄ andre mÄtar.
PÄ spÞrsmÄl frÄ NRK om kva som har skjedd seier ESC-direktÞr Martin Green at det ikkje er noko dramatikk bak endringane.
ESC-direktĂžr Martin Green er den nye Ăžvste sjefen for konkurransen.
â Martin hadde lyst til starta eit nytt kapittel i livet. Det er naturleg at nĂ„r det kjem nye folk, sĂ„ fĂ„r dei tilpassa rolla til seg.
Han avkreftar at den dÄrlege responsen frÄ publikum i 2024 har noko med avgjerda om Ä fjerna EBU sitt «ansikt utad» frÄ sendinga.
â Me har vald Ă„ organisera oss pĂ„ ein annan mĂ„te slik at artistane pĂ„ scenen skal fĂ„ skina.
Kroatisk-bosnisk-tyrkisk klagesong
Det er lett Ä tru at du ser pÄ ein gateartist pÄ ein hamnepromenade i Split, men det er faktisk det kroatiske ESC-bidraget.
Det kroatiske bidraget «Andromeda» framfÞrt av gruppa Lelek har hausta kritikk frÄ uventa hald.
Tyrkia har ikkje vore med i ESC sidan 2012, men no er det altsÄ tyrkarane som reagerer pÄ korleis det osmanske riket blir framstilt i nummeret.
Inspirasjonen bak lÄta skal vera katolske kvinner frÄ Bosnia-Hercegovina under den osmanske perioden som bruka tatoveringar for Ä beskytta seg mot vald og tvangsekteskap.
Tyrkiske medium reagerer pÄ korleis lÄta tilsynelatande framstiller osmanarane i eit dÄrleg lys og peiker pÄ at slike politiske bodskap ikkje hÞyrer heime i ein upolitisk songkonkurranse som ESC Þnsker Ä vera.
Ukraina vann konkurransen i 2016 med lÄta 1944 om deportasjonen av krimtatarane.