Herold

Gratulerer med dagen!

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Hege Eide Vik, ordfĂžrar Published: 2026-05-17 05:01:00
Gratulerer med dagen!
  1. mai-helsing frÄ ordfÞrar Hege Eide Vik.

KjĂŠre alle saman!

I dag feirar me at Grunnlova vart vedteken pÄ Eidsvoll 17. mai 1814. Grunnlovsdagen minner oss om at fridom og demokrati ikkje kom av seg sjÞlv, men vart forma av menneske som tok ansvar for meir enn si eiga samtid. Dei bestemte at landet vÄrt skulle tuftast pÄ fellesskap, rettferd og folkestyre.

I Norge stÄr folkestyret hÞgt. I Storting, fylkesting og kommunestyre er det dei demokratisk valde representantane som til ei kvar tid har det Þvste ansvaret.

For at demokratiet vÄrt og folkestyret skal leva vidare mÄ me verna om det og me mÄ sikra at folk ynskjer Ä stille til val. Det kan me alle legga til rette for ved Ä bidra til eit trygt ordskifte. Folkestyret skjer ikkje berre inne i formelle salar, det skjer i heile kommunen, der me bur, lever og engasjerer oss.

Vaksdal kommune bestÄr av fleire stÞrre og mindre bygder. Mange av oss kjenner sterk tilhÞyrsle til bygda vÄr. Samtidig er me alle vaksdalingar, frÄ Vaksdal kommune. NÄr me finn fellesskap mellom bygdene er me sterke ilag. Samarbeid pÄ tvers av bygdene innan idrett, musikk og andre aktivitetar gjer oss sterke og samla.

NĂ„r kongeparet kjem pĂ„ besĂžk seinare i mai trur eg dei vil sjĂ„ nettopp dette – at me evnar Ă„ samarbeida og at me er ein kommune rik pĂ„ kultur, driftige folk og dugnadsĂ„nd.

Apropos dugnad – 17. mai er ei dugnadshĂžgtid! I alle bygdene vĂ„re er det frivillige som stĂ„r for arrangementet i dag, bĂ„de i korps og komitĂ©, og dei fortener gode ord og klapp pĂ„ skuldra for Ă„ stille opp i ein travel kvardag. Tusen takk!

Me skal heller ikkje glĂžyma at 17. mai fĂžrst og fremst er borna sin dag. I dag er det barnetog, flagg, is og leik i fokus. Eg er stolt over at me som nasjon set borna fĂžrst pĂ„ nasjonaldagen, det er den komande generasjonen me lĂžftar fram og lagar ein festdag for – framtida gĂ„r fremst i toget.

Eg ynskjer dykk alle ein strĂ„lande 17. mai – Gratulerer med dagen!

đŸ·ïž Extracted Entities (6)

Eidsvoll (entity) Grunnlova (entity) Hege Eide Vik (person) Norge (entity) Storting (entity) Vaksdal (place)