Roleg i Sogn, men i Nordfjord barka to menn saman på grillfest
Plus
Ein mann skal ha trua ein annan mann med kniv.
Det ser ut til å ha vore ei roleg natt til 17. mai for politiet i Sogn, skal ein tru politiloggen.
– Ingenting å merka seg i dykkar område, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.
Det er elles registrert hendingar i Bergen, Voss og Stryn.
Konflikt på fest i Stryn
Det var på sistnemnde stad at to rusa menn barka saman på ein grillfest. Ein mann i 30-åra skal ha trua ein mann i 40-åra med kniv.
– Andre festdeltakarar greip inn og tok kniven frå mistenkte. Kort tid etterpå skal mistenkte ha stukke ein penn i haka på mannen som han trua med kniv, skriv Dahl-Michelsen i loggen.
Mannen som vart stukke med pennen, måtte sy to-tre sting på lokal legevakt. Det er ukjend kva som er årsaka til konflikten.
Det blir oppretta sak på truslar og kroppsskade.
– Politiet har søkt etter mistenkte, men ikkje funne han, opplyser politiet.
Ordensforstyrring i Bergen og slagsmål på Voss
I Bergen vart to menn i 20-åra sett i drukkenskapsarrest for ordensforstyrring. Begge blir politimeld for å ikkje følgja politiet sitt pålegg om å forlata staden.
Den eine kan også venta seg ei politimelding for urinering på offentleg stad og for kroppskrenking av ordensvakt.
På Voss vart det meldt om slagsmål mellom fleire personar klokka 02:50. Slagsmålet opphøyrde då politiet kom til staden.
– Ingen er skadde. To menn i 30-åra er bortvist frå Voss sentrum til søndag føremiddag, opplyser politiet.