17. mai: En tvungen dugnad
Konseptet «frivillig» har fĂ„tt ein ny definisjon. Her er det ingen tvang â men den som ikkje vil kome, den skal!
(Bergensavisen): Eg kjenner det allereie i kroppen. Den stille panikken. Den som kjem snikande kvar gong mobilen vibrerer â fordi vi alle veit kva det betyr no.
- mai nĂŠrmar seg.
Ein dag for is, barnetog, flagg og nasjonal stoltheit. I teorien. I praksis? Eit prosjekt sÄ omfattande at det fÄr bryllupsplanlegging til Ä framstÄ som ei kjapp SMS-gruppe.
Det startar mÄnader fÞr med meldingar i klassens Messenger-gruppe:
«Hei alle! Vi treng nokon som kan bake kake til feiring i à gotneshallen»
«Vi treng vaktar! Gjerne tre til kvar post â og hugs Ă„ mĂžta opp minst ein time fĂžr.»
«Kan nokon henge opp pynt? Henta gevinstar? Sette opp fiskedam? Rydde etterpÄ?»
Og dersom du er sÄ frekk at du ikkje skal vere med pÄ sjÞlve feiringa i à gotneshallen, dÄ kjem den: «Du skal vel i alle fall bidra med ei kake, sant?»
Heile konseptet «frivillig» har her ute fĂ„tt ein ny definisjon. Her er det ingen tvang â men den som ikkje vil kome, den skal!
Men det verkelege marerittet? 17. mai-komiteen.
FÞrst kjem det eit venleg spÞrsmÄl: «Nokon som vil melde seg frivillig?»
Stille. SÄ pÄminning. SÄ pÄminning med smilefjes. Og nÄr ingen svarar: Loddtrekning.
Tvangsinnmelding
Det er altsĂ„ ikkje berre dugnad â det er tvangsinnmelding. Med eit slags omvendt premiesystem der du, i staden for Ă„ vinne noko, fĂ„r ansvar for halve bygdas feiring og beskjed om Ă„ mĂžte kl. 06:45 med ballongpumpe, kaffikanne og fire liter pavlovabunn.
Og dei to stakkars foreldre som blir trekte ut? Dei svarar i kommentarfeltet med eit smilefjes og setninga: «Kjekt Ä kunne bidra!»
Ein veit ikkje om det er ekte glede eller rein overlevingsteknikk â men respekt fĂ„r dei.
Og midt i alt dette: Superdamene.
Gjerne dei med hÞg grad av fleksibilitet i arbeidslivet og eit nivÄ av engasjement som kunne drifta ein mellomstor kommune.
Dei har alltid fleire forslag:
â Ekstra utflukt
â Heimelaga mat frĂ„ alle foreldre sin barndomsdal
â Peparkakebaking i oktober
â Smoothiedag
â Felles pysjfest med pynt, muffins og aktivitetsstasjonar
Og vi som jobbar faste tider, har ungar i tre retningar og sÄ vidt rekk Ä puste? Vi fÄr skuld, blikk og fÞlelsen av Ä ikkje «bidra nok».
Greitt med bollar frÄ Rema
Men eg seier det no, hÞgt og tydeleg: Det er lov Ä ikkje bake. Det er lov Ä ikkje ville vere med i komiteen. Og det er heilt greitt Ä kjÞpe bollar pÄ Rema.
Neste gong det skal trekkast lodd? Trekk gjerne â men eg vil ha varseltrekning og advokat til stades.
Og dette gjeld ikkje berre 17. mai. Det er heile Äret:
â Skoledisko? Du skal bake og stĂ„ vakt.
â Natteravn? Du skal gĂ„ i mĂžrket mens andre ser Netflix.
â Pysjdag? Klart det skal bakast muffins.
â MorsmĂ„lsdagen? Heimelaga mat frĂ„ mor si oldemor i Nord-Usbekistan.
Og nÄr du kjem med bollar frÄ Rema og seier «Eg rakk ikkje Ä bake», fÄr du det blikket. Det som seier: «Ja ja. Det er tanken som tel. Trur eg.» Men har du og med noe uten gluten, laktose, sukker og smak?
Les ogsÄ Ernst A. Lersveen: Fotballsupportere er ikke sÄ viktig
Lov Ă„ seie nei
Barna vĂ„re treng ikkje muffins kvar gong dei pustar. Det er lov Ă„ ikkje orke. Det er lov Ă„ seie nei. Det er lov Ă„ tenkje: «Eg vil gjerne feire landet mitt â men ikkje via Excel-ark og pĂ„tvungen moraldugnad.»
Neste Ă„r melder eg meg som frivillig â i ein annan nasjon. Gjerne ein med mindre dugnad. Eventuelt pĂ„ rotasjon som diplomat i Midtausten.
Berre ikkje fleire fiskedammar.
Og heilt til slutt: Vi veit at nokon har meir tid â og det er faktisk heilt fantastisk at folk stiller opp og fĂ„r dette til Ă„ gĂ„ rundt. Men kanskje vi kan skru ned stressnivĂ„et eit par hakk pĂ„ Richterskalaen?
Helsing ein som elskar barna â men som har mista nattesĂžvnen til 17. mai-komiteen og skolediskovakter.
Dette innlegget ble fĂžrst publisert i Bergensavisen. BA kjenner skribentens identitet. Av hensyn til barna har vi valgt Ă„ la vedkommende vĂŠre anonym.