Ferja trefte jernstong
Plus
Ferja «Losna» vart tatt ut av drift i fleire timar denne laurdagen, på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.
Det skuldast ein samanstøyt på veg til Rutledal, opplyser regionleiar Jan Petter Jagedal Thomsen i Fjord1.
– Like før klokka 09.30 var ferja borti ein stake på veg til kai. Det var ingen dramatikk, og vi heldt fram med å lesse av passasjerar som normalt, seier han.
Slike stakar blir brukt til å markere skjær eller grunne.
Av sikkerheitsmessige grunnar blir ferjer alltid inspiserte etter slike hendingar. Dette var grunnen til at ferja var ute av drift. Ferja «Bjørnsund» frå Måløy vart sett inn for å køyre skytteltrafikk i mellomtida, for å ta unna køane.
– Vi brukte dykkarar for å vere 100 prosent sikre på at ferja kan gå i rute igjen, og hadde dialog med sjøfartsdirektoratet, seier Thomsen.
«Losna» vart sett inn at i normal drift klokka 18.10, etter å bestått inspeksjonen.
– Kva var grunnen til at ferja kom borti staken?
– Det er litt tidleg å seie. Vi pleier å granske etter slike hendingar, men vi har ikkje fått gjort det i og med at det er 16. mai. Det vil nok bli sett i gang på måndag, seier Thomsen.
No får Lavik-Oppedal «superhøyrsel»