Send inn! Lesarane sine bildeglimt frå 17.-mai
Plus
Finstas og bunadar, is ned på høgkant og korps og barnetog. Det er ein viss fare for at mange er aktive med mobilkamera denne dagen.
Då vert det gjerne også nokre blinkskot og fine stemningsbilde som speglar nasjonaldagen der ute i Firda sitt nedslagsfelt.
Feirar du 17. mai ein spesiell stad? Er det minsten i familien sitt første 17.-maitog? Har du og gjengen sjampagnefrukust på den lokale fjelltoppen?
Del gjerne dine 17.-mai-bilde med oss og lesarane.
Bilder kan du sende inn til redaksjon@firda.no.
NB! Merk gjerne mailen 17.-mai-bilde og ta også med fordel med nokre stikkord om kven og kva bildet syner. Det hjelper oss veldig å skrive bildetekstar.
Vi vil byggje ut vår bildeserie etterkvart som vi får tilsendt bilder.
Er du utolmodig med å komme i 17.-mai-stemning, kan du jo tjuvstarte med å sjå over lesarane sine bildeglimt frå i fjor. Gratulerer med dagen!
Sjå lesarane sine bilde