Herold

Kva er viktigst: Trollpikken eller Moifjellet?

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Audun Steinnes Published: 2026-05-16 19:19:08
Kva er viktigst: Trollpikken eller Moifjellet?

Korleis kan det vera ein fordel for kystlyngheia på Moifjellet at Statkraft bygger vindkraftverk der med 38, 200 meter høge turbinar og 33 km internvegar, slik det går fram av eit større oppslag i Dalane Tidene nyleg?

Eg er kjend i området gjennom hovudfag i vegetasjonskartlegging her i 1983, prosjekt om botaniske verneverdiar i Rogaland i 1985, og arbeid med naturtypekartlegging, verneområde og kulturlandskap i landbruket hos fylkesmannen fram til 2018.

Statkraft hevdar at utbygginga vil letta skjøtselen av området og den tradisjonelle bruken med beiting og brenning. Derfor endar konsekvensutgreiinga med å plassera ein stor del av området med «noe positiv» verknad for naturmangfald. Det verkar som om dei vurderer området som ein planteskule for å produsera lyng mellom vegar og oppstillingsplassar.

Dei ser vekk frå at dette er eit økologisk kulturminne som er minst 2000 år gammalt , og som i fleire hundre år stod i direkte kontakt med lyngheiane på Låg-Jæren, som oppstod fyrst i landet 2000–3000 år før det igjen. Dette hende truleg fordi det kom nye folkeslag frå aust med store dyreflokkar som trong heilårsbeite. Dette førte til at kystlyngheiane i Sør-Rogaland etter kvart strekte seg fleire mil inn i landet, og utgjorde her det største kjende kystlyngheiområdet i landet. Dei var ein del av eit kystlyngheidominert belte langs Atlanterhavskysten frå Portugal til Lofoten.

Denne utviklinga over så lang tid førte til at mange artar, både planter og dyr, fekk hovudutbreiinga si i desse områda. Dei tilpassa seg livsvilkår her som skilde seg vesentleg frå dei skogdekka areala lenger inn frå kysten.

Det er sant at desse heiane er sterkt trua av tilgroing, oppgjødsling, nedbygging m.m. , og Artsdatabanken har nyleg gått ut med at statusen til kystlynghei på raudlista for naturtypar må endrast frå «sterkt trua» til «kritisk trua». Men i Dalane og tilgrensande område på Jæren finst det nokre få, større areal. Dette har samanheng med ein berggrunn som gjorde oppdyrking vanskeleg, og stor interesse for utmarksbeiting i det husdyrdominerte landbruket her.

Moifjellet på 17 000 dekar er eit av dei største. Nesten heile arealet mottek kulturlandskapsstøtte for beiting, det er lite tilgrodd, og tilstanden er god – det innrømmer til og med konsulenten i konsekvensutgreiinga. I desse sørlege lyngheiane har det truleg heile tida vore mindre, eikedominerte lundar i sørhellingane, slik ein ser på Moifjellet. Dette er ikkje eit teikn på forfall og tilgroing slik Statkraft hevdar.

Det store innslaget av det grove graset blåtopp treng heller ikkje ha samanheng med nitrogennedfall slik Statkraft hevdar, men dette er for lite undersøkt. Dette graset blir kalla «storr» i store delar av Rogaland og Agder, og har truleg gjeve namn til Storrsheia som ligg rett aust for Moifjellet. Ei forklaring kan vera utmarksslått omlag kvart femte år, men det burde vore betre undersøkt, slik Motvind gjorde framlegg om. Det hastar medan det framleis lever folk som hugsar korleis drifta var før andre verdskrigen.

Eit av turbinpunkta kan trua ein av dei kjende veksestadane for solblom (jønsokblom på jærsk), som er sterkt trua. Men dei seier at det ikkje er så farleg, fordi arten har hatt god framgang i Synesvarden landskapsvernområde. Men dette er eit område som blir godt skjøtta av vernestyresmaktene og det moderne jærjordbruket, heilt utan ein einaste veg.

Desse heiane er viktige for ei rekkje fugleartar som hubro, kvartbekkasin, storspove, heilo og lerke. Korleis det står til med andre dyregrupper, som insekt, er for lite undersøkt. For nokre artar, som hubro, kan store, opne og lite forstyrra landskap vera viktige – dei sluttar å bruka areala i vindkraftverk. Fragmentering er eit hovudtrugsmål for denne naturtypen. Høgdevariasjonen i området kan dessutan visa seg å vera viktig på lang sikt, ved at artar kan tilpassa seg temperaturauke.

Kystlynghei er trua langs heile atlanterhavskysten, og har derfor status som «Natura 2000»-område i EU. Dei er derfor skjerma mot vindkraftutbygging der. Moifjellet har på grunn av dette truleg internasjonal verneverdi. Det er lite meining i å øydelegga dette utvalde og kritisk trua landskapet for å eksportera straum til EU, når dei sjølve skjermar tilsvarande landskap for vindkraftutbygging.

Kva verdi kan dette området få for å oppleva og forstå natur, kultur og landbrukshistoria i Dalane, og gje denne regionen identitet? Då Stavanger fylte 900 år nyleg, var det ikkje noko vekt på korleis omlandet til denne vesle trehusklynga såg ut det meste av desse 900 årene. Men arbeidet til store kunstnarar som Arne Garborg og Kitty Kielland gjev oss eit inntrykk av dette. Høvet til å oppleva dette vikingtidslandskapet som inspirerte dei, krympar derimot raskt.

Nord-Jæren er det tredje største storbyområdet i landet, og det største som ikkje har ei bymark. Moifjellet er stort nok til å gå ein dagstur i, kanskje òg ein helgetur, og i delar av det ser du ikkje vindturbinar eller høyrer infrastøyen frå dei. Kanskje dette vil ha interesse for vikingtidsturistar frå kontinentet? Hotella i Egersund er visstnok godt nøgde med tyske turistar som strøymer til anortosittheia der på grunn av tysk marknadsføring av «Trollpikken». Stien inn dit frå den store, nye parkeringsplassen er svært sliten, og vitnar om stor trafikk.

🏷️ Extracted Entities (22)

Moifjellet (entity) Dalane Tidene (person) Statkraft (entity) EU (entity) Rogaland (place) Agder (entity) Arne Garborg (person) Artsdatabanken (entity) Atlanterhavskysten (entity) Egersund (place) Jæren (entity) Kitty Kielland (person) Lofoten (entity) Låg-Jæren (entity) Motvind (entity) Natura 2000 (entity) Portugal (entity) Stavanger (entity) Storrsheia (entity) Synesvarden (entity) Sør-Rogaland (place) Trollpikken (entity)