17-åring med sterk debut. Men for seint til å slå faren
Plus
Matias Refvik leverte solid innsats i seriedebuten for NBK. Men draumen om å slå faren som debutant rakk han ikkje.
Senior spelte nemleg sin første kamp som 16-åring, som målvakt for Måløy-laget Tornado i 3. divisjon.
– Dessverre klarte eg ikkje å matcha han. Men no er det fullt fokus i NBK. Målet er jo å vera med å spela klubben opp i 3. divisjon, seier Matias (17).
Han var i fjor på benken til Åsane 2 i 3. divisjon, men utan å få speleminutt.
Matias bestemte seg i vinter for å setja kursen over Nordhordlandsbrua og melda seg til teneste for NBK. Han fekk sin debut i 4. divisjon heime mot NHHI i helga, og var med på å innkassera full pott.
Sterk erfaring
17-åringen fekk mange lovord for innsatsen.
– Matias var dominerande og god med ball sentralt saman med Oddbjørn Dale og Fatah Abdulle, seier Håvard Brakstad Moen i NBK sitt trenarteam.
Matias har spelt i den nasjonale G17-serien, og for to år sidan vart laget nummer tre av alle OBOS- og eliteserieklubbar. Dermed fekk han og laget også vera med i nordisk meisterskap i Sverige.
Han er med andre ord ein spelar med god erfaring, trass sin unge alder.
Har godt blikk for spelet
I fjor vart Matias kåra til årets spelar på G17-laget, samtidig som ein av dagens lagkameratar i NBK, Jaylan Kamau vart toppskårar.
Han er blitt veldig god til å lesa spelet.
– Eg trur det er ein av dei sterkast sidene mine som spelar. Pluss ein god pasningsfot, seier Matias, som håpar på å få mykje speletid på NBK-laget.
Han var usikker på korleis han ville passa inn, og synest det var greitt at han kjende eit par spelarar frå før.
– Det har gått over all forventning. Eg har blitt tatt veldig godt i mot, og vi har det gøy på kvar trening.
Matias Refvik er tilfreds med sin første kamp i serien.
– Det vart litt spennande mot slutten, men vi rodde i land alle poenga, seier debutanten som til dagleg er elev på Tertnes Toppidrett studiespesialisering.
2 x Snekkevik
I kampen mot NHHI sette Andreas Bøe Snekkevik inn to nye fulltreffarar på si fyldige skåringsliste, og NBK kunne fortent gå til pause med 2–0 etter å ha hatt mest ball og flest farlege forsøk.
Jaylan Kamau plussa på til 3-0, før gjestane reduserte og fekk ei tynn, men unødvendig livslinje. I 2. omgang spolerte heimelaget litt for mange hundreprosent sjansar.
NHHI hadde fleire kvalitetsspelarar, og ei ny redusering gjorde at det vart litt nerve i avslutninga.
NBK ligg no på 2. plass med 13 poeng på fem kampar, medan Bergensdalen på topp og dei andre laga på same poengsum har ein kamp mindre spelt.
NBK spelar ein utsett kamp borte mot Sotra 2 kommande tysdag.
4, div. avd. 2 menn
NBK – NHHI 3–2
Lyngbø – Nest-Sotra 3–2
Sund – Baune -1-2
Odda – Sotra2 2–2
Bergensdalen – Djerv 3–1