På Flø i Ulstein finn turistane roa: Småskalaturisme blir stadig meir populært
På Flø finn turistane det dei ikkje nødvendigvis får andre stader: ro, natur og stillheit. No aukar interessa for små og unike reisemål.
Saka samanfatta:
- Flø på Sunnmøre tilbyr turistar ro, natur og stillheit, noko som er ettertrakta blant dei som vil unngå masseturisme.
- Mikroturisme har auka i popularitet, spesielt etter covid-pandemien, med fleire som søkjer unike og lokale opplevingar.
- Innovasjon Noreg og destinasjonsselskapet i Møre og Romsdal ser ein tydeleg trend mot småskalaturisme.
- Flø feriesenter og Kråen Gard tilbyr spesielle opplevingar som tiltrekker seg både norske og utanlandske turistar. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
Det er stille på Flø på Sunnmøre. Berre bølgjene slår mot moloen, og ein tysk familie står med fiskestenger og prøver lukka i havgapet. For mange ferierande er det nettopp dette dei leitar etter.
– Det er så fint, vakkert og roleg. Akkurat det vi treng, seier Andreas Taedcke.
Han er ein av stadig fleire turistar som oppsøker små stader. No peikar mykje på ein tydeleg trend: Folk vil bort frå dei store turiststraumane – og nærmare naturen, stillheita og det ekte.
Auke etter covid
Fenomenet blir ofte kalla mikroturisme – små, lokale opplevingar utanfor allfarveg. Ifølgje Innovasjon Noreg har interessa auka kraftig dei siste åra, spesielt sidan covid-åra.
Aase Marthe Horrigmo er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.
– Under pandemien oppdaga mange nordmenn kor mykje spennande som finst i eige land, og med betre tilbod, høgare kvalitet og fleire unike opplevingar enn før, ser vi no auka interesse for små «mikroeventyr» utanfor allfarveg, seier Aase Marthe J. Horrigmo, som er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.
Også destinasjonsselskapet i Møre og Romsdal ser det same.
– Folk vel dette som eit alternativ til dei store turiststadene, eller som eit tillegg til det, seier Tom Anker Skrede som er direktør for Vist Northwest i Møre og Romsdal.
Nokre turistar vel små reisemål som eit alternativ til dei store turiststadene. Her er to turistar på veg opp trappene til byfjellet i Ålesund.
Han seier det dei siste fem til sju åra har vore ein tydeleg trend at mindre turistverksemder blir stadig meir populære, også blant utanlandske turistar.
Utviklinga av småskalaturisme i Noreg
- Småskalaturisme i Noreg har dei siste åra opplevd ein markant vekst, prega av ei dreiing mot meir berekraftige, opplevingsbaserte og autentiske tilbod.
- Sterk auke i økoturisme: Talet på økoturist-bedrifter i Noreg auka med 70 prosent på berre to år, noko som viser ein tydeleg trend mot berekraftig småskala turisme.
- Unike og lokale opplevingar: Det har vakse fram eit mangfald av småskalaopplevingsbedrifter, særleg på Vestlandet, som fokuserer på nærheit til natur og lokal kultur.
- Kvalitetsorientering: I regionar som Nordland ser ein ei satsing på meir kvalitetsorientert småskalaturisme framfor berre volum.
- Auka verdiskaping: Verdiskapinga i reiselivsnæringa har vorte dobla dei siste 10-15 åra.
- Sykkel og natur: Sykling har utvikla seg til å bli ein av dei store folkesportane, noko som driv etterspurnaden etter småskala aktivitetstilbod.
- Etter pandemien: Nordmenn har reist meir for kvart år etter pandemien, med rekordmange 32,4 millionar reiser i 2024, noko som òg har gagna lokale reisemål.
(Ulike kjelder: Vestlandsforsking, NHO Reiseliv med fleire)
Søker seg vekk frå varmen
På Flø handlar opplevinga om det enkle og det rå. Hit kjem turistane for å fiske, surfe – eller berre kjenne på vêret.
– Når det blir brennheitt i Sør-Europa og USA, kjem dei hit til oss, seier Inge Eidem, ein av dei nye eigarane av Flø feriesenter.
Kort veg frå sjø til fjell og ope hav gjer staden attraktiv. Og ikkje minst få andre turistar.
– Det er aldri kø her ute. Vi ligg i enden av ein veg ut mot havet, seier Eldar Stein Flø, som har drive feriesenteret i over 30 år før det nyleg blei selt.
Han trur etterspurnaden berre vil auke framover.
Eldar Stein Flø har drive feriesenteret på sunnmørskysten i 36 år.
Mikrohus og lokal mat
I Møre og Romsdal er det mange som driv i liten skala og som tilbyr noko spesielt. Blant desse er Kråen Gard i Sande kommune.
Her tilbyr eit ektepar mikrohus, lokal mat og enkle opplevingar tett på naturen.
– Eg trur mange som kjem hit søker seg mot det ekte norske. Ei ekte oppleving, for å bruke det uttrykket. Det vi tilbyr skal vere litt «nedpå», seier Terje Grønmyr.
Dei har fått gjester frå både Europa og USA – og etterspurnaden aukar.
Kan doble seg globalt
Ifølge Tom Anker Skrede i Visit Northwest er kommunane viktige for å utvikle småskalaturisme.
– Vi legg til rette for dei som driv med turisme i mindre skala, samtidig som vi dermed får vist fram kommunen vår, seier ordførar Stian Skorgen Scheide i Ulstein kommune. Han kallar det ein vinn-vinn-situasjon.
Stian Skorgen Scheide, ordførar Ulstein.
Ein internasjonal rapport frå analysebyrået Future Market Insights viser at det er gode utsikter for småskalaturisme dei neste ti åra.
Den viser at på verdsbasis kan denne typen turisme doble seg fram mot år 2035.
– Vi kjem tilbake i sommar
På Flø har Andreas Taedcke, kona Beatrix og dottera Adriana akkurat fått fisk. Dei er her for første gong, men trur ikkje det vil bli den siste.
– Flø har vore ei nydeleg oppleving for oss. Vi kjem heilt sikkert tilbake til sommaren, seier han
Andreas frå Tyskland vart forelska i naturen på Flø umiddelbart. Han har reist til Noreg mange gonger, ofte to gonger i året.