Herold

Tenåring fengsla i ei veke for drapsplanlegging

Kilde: NRK Author: Kristin Almeland Manger Published: 2026-05-16 10:12:30 Last updated: 2026-05-16 14:40:16
Tenåring fengsla i ei veke for drapsplanlegging

Politiet har pågripe ein tenåring for «forbund om drap». Laurdag blei han varetektsfengsla i ei veke.

Laurdag vil Vest politidistrikt fengsle ein person for «forbund om drap».

Det betyr at to eller fleire personar lagar ei avtale om å utføre eit drap eller valdshending.

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld. Det opplyser forsvararen.

– Han erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga. Han har gitt ei forklaring til politiet, og innhaldet i den ønskjer eg ikkje å kommentere på noverande tidspunkt, seier forsvarar Tiril Røkke til NRK.

Advokat Tiril Røkke forsvarar mannen.

BT: 16-åring med valdshistorikk

Den sikta er ein 16 år gamal gut frå Bergen, skriv Bergens Tidende.

Ifølge avisa har han vore under etterforskinga for ei rekke valds- og trugselsaker og er kjent for politiet. Den siste tida har han vore under barnevernets omsorg og har budd på en institusjon det siste året. Han er ifølge BT sikta i fleire valdssaker.

Påtalemakta bad om to vekers fengsling for tenåringen, men tingretten meinte at ei veke var nok.

Forsvarar Røkke opplyser laurdag ettermiddag at klienten er varetektsfengsla i ei veke.

Ho opplyser at han etter forholda har det greitt, men at han motsette seg å bli varetektsfengsla og kravde å bli lauslaten.

Det var BA som først melde om saka.

Lukka dører i retten

På rettsmøtet i dag var dørene lukka.

Vest politidistrikt assisterer berre Kripos i fengslingsmøtet, og politiadvokat Jørgen Henriksen vil derfor ikkje kommentere saka.

– Vi vil varetektsfengsle i to veker med brev- og besøksforbod, seier pressekontakt i Kripos, Jonas Fabritius Christoffersen.

Korkje Kripos eller Vest politidistrikt vil kommentere spørsmål om andre involverte.

– Av omsyn til vidare etterforsking ønsker vi ikkje å gå inn i ytterlegare detalj om saka, seier Christoffersen.

🏷️ Extracted Entities (12)

Kripos (entity) Norge 📁 (category) Politi og kriminalitet 📁 (category) Tiril Røkke (person) Ungdom og kriminalitet 📁 (category) BA (entity) Bergens Tidende (person) Jonas Fabritius Christoffersen (person) Vest (entity) BT (entity) Bergen (entity) Jørgen Henriksen (person)

📊 Metadata

Category: Politi og kriminalitet, Norge, Ungdom og kriminalitet
OpenGraph Title: Tenåring pågripen for drapsplanlegging
Twitter Title: Tenåring pågripen for drapsplanlegging