Herold

Grøn ombygging og auka produksjon gir sinkfabrikken auka klimagassutslepp

Kilde: NRK Author: Leif Rune Løland Published: 2026-05-16 12:46:58
Grøn ombygging og auka produksjon gir sinkfabrikken auka klimagassutslepp

Fabrikken skryt av verdas reinast sinkproduksjon, men prosjekt «Green Zink Odda» vil auka CO2-utsleppa med 50 prosent. – Ikkje grønvasking, meiner naturvernarar.

Saka kort fortalt:

  • Boliden Odda har gjennomført ei stor ombygging og utviding av sinkproduksjonen, kalla «Green Zink Odda 4.0».
  • Utslepp per tonn sink blir redusert med 15 prosent, men ein produksjonsvekst på 75 prosent fører til at dei totale utsleppa aukar med 50 prosent.
  • Fabrikken forsvarer utsleppsauken med at dei allereie har låge CO₂-utslepp samanlikna med konkurrentane.
  • Boliden Odda slepper ut under 5000 tonn CO₂ årleg, og er nummer 45 på lista over dei største utsleppspunkta i norsk landbasert industri.
  • Norsk Klimastiftelse påpeikar at totale utslepp er det som tel for klimaproblemet, og at auka utslepp alltid er negativt.
  • Ei generell utfordring med klimatiltak kan vera at dei blir «spist opp» av auka produksjon og forbruk.
  • Men viss Bolidens produksjon erstattar meir forureinande produksjon andre stader, kan effekten globalt vera positiv.

Trass i omfattande klimatiltak vil den store ombygginga ved sinkfabrikken Boliden i Odda faktisk aukadei samla utsleppa frå fabrikken.

  • Utsleppa per tonn sink skal ned med 15 prosent,
  • Samstundes er det er planlagt å auka sinkproduksjonen med 75 prosent.
  • Dei totale utsleppa blir derfor 50 prosent høgare enn i dag.

– Me meiner dette er eit viktig klimatiltak. Men dette handlar først og fremst om ein produksjonsauke, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes ved Boliden Odda.

– Når me nå aukar produksjonen, er me i marknaden med tilbod som allereie er best i klassen, seier Karl Ystanes. Her med administrerande direktør Helene Seim.

«Verdas reinaste»

På fire år har Boliden gjort ei omfattande utviding og ombygging. Dei kallar det «Green Zink Odda 4.0».

For eitt år sidan markerte konsernet at prosjektet var ferdig, men det var litt for optimistisk. Den moderniserte og utvida produksjonen er framleis ikkje heilt oppe og går.

– Grøn sink betyr at sinken vi produserer her i Odda har det lågaste CO₂ -avtrykket blant konkurrentane våre, sa administrerande direktør Helene Seim då NRK besøkte fabrikken i fjor.

Fabrikken inst i Hardangerfjorden hevdar at dei også før utvidinga har hatt verdas reinaste sinkproduksjon.

Totalutsleppet aukar

Men Ystanes vedgår at det samla utsleppet frå fabrikken går opp.

– Ja, det er riktig. Totalutsleppet går noko opp.

Men Boliden forsvarer seg med at dei allereie slepp ut svært lite CO₂. Slik at 50 prosent meir er ganske lite.

– Det blir kanskje stort i prosent, men det er små tal om du set det opp på verdsbasis.

– Men de selde utvidingsprosjektet inn som at dette var eit klimatiltak med 15 prosent reduksjon i CO2-utslepp?

– Det kan eg ikkje svara heilt på. Men eg trur ideen, eller det som har vore sagt, er at me aukar utsleppet litt, men aukar produksjonen meir.

– Per tonn sink blir det mindre CO₂, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes.

– Ikkje grønvasking

Slik presenterer Boliden prosjekt «Green Zink Odda 4.0»:

«We double the zinc production and at the same time reduce the carbon dioxide intensity by 15 percent from already a world leading position».

Ystanes avviser at dette er grønvasking når samleeffekten blir utsleppsauke.

– Nei, det synest eg ikkje. Men nokoklimaavtrykk må det bli. Me er ikkje heilt CO2-frie. Det går jo litt CO₂ ut, men marginalt i forhold til det store bildet, og ikkje minst opp mot konkurrentane våre, som slepper ut meir CO₂ per tonn.

Stablar med den ferdigproduserte sinken.

Han håpar konkurrentane prøver å ta etter klimasatsinga.

– Det må jo bli lagd merke til.

– Hjelper ikkje for klimaproblemet

I Norsk Klimastiftelse er prosjektleiar Kirsten Å. Øystese ikkje udelt imponert av Green Zink Odda 4.0.

– Det er kjempebra at dei forbetrar produksjonen, men det er jo dei totale utsleppa som betyr noko i sum. For klimaproblemet hjelper det jo ikkje at utsleppa per produserte eining går ned, dersom dei totale utsleppa aukar.

Men ho er einig i at Boliden Odda i utgangspunktet har små klimagassutslepp.

Boliden hadde i 2023 den 45. største enkeltutsleppet av CO₂ blant norsk landbasert industri (raud prikk langt til høgre). Mongstadraffineriet ligg suverent på topp.

– Berre 0,01 % av dei samla norske utsleppa kjem frå denne sinkfabrikken.

Likevel har Miljødirektoratet nyleg truga Boliden Odda med tvangsmulkt på grunn av ulovlege utslepp til sjø og luft.

– Samanlikna med annan industri er ikkje Boliden blant dei verste. Dei har jo låge utslepp, seier Øystese.

– Så ein liten auke frå eit lågt nivå gir ikkje eit stort utslag. Men alle utslepp som aukar, tar oss i feil retning. Det er aldri uvesentleg.

Bedrifter, miljøvernarar og politikarar meiner:

Omdømme og rekruttering

Øystese støttar Ystanes i at «Green Zink Odda 4 .0» ikkje er grønvasking.

– Men det kjem an på korleis dei kommuniserer om utsleppa. Det kan skapa forvirring viss folk kanskje ikkje forstår kva endringa inneber.

– Overdriv Boliden klimaeffekten av ombygginga?

– Dei snakkar jo positivt om prosjektet. Det er sikkert viktig for dei, også med tanke på omdømme og rekruttering, slik som for alle andre.

– Dette tiltaket har ikkje superstor klimaeffekt, men det kan vera viktig likevel.

– Viss dette berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet, seier Kirsten Å. Øystese i Norsk klimastiftelse.

Forbruksauke et opp klimaeffekt

– Dersom auka produksjon frå Boliden erstattar produksjon ein eller annan stad i verda som har høgare utslepp, kan det bidra positivt også til dei totale utsleppa. Men viss det berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet.

– Er dette eit typisk eksempel på at effekten av klimatiltak ofte blir oppheva av forbruks- og produksjonsauke?

– Til dels så skjer jo det fleire stader, ikkje berre i Boliden, avsluttar Øystese.

🏷️ Extracted Entities (14)

Boliden Odda (person) CO₂ (entity) Karl Ystanes (person) Kirsten Å. Øystese (person) Green Zink Odda 4 .0 (entity) Green Zink Odda 4.0 (entity) Klima og miljø 📁 (category) Norsk Klimastiftelse (organization) Næringsliv 📁 (category) CO2 (entity) Helene Seim (person) Hardangerfjorden (entity) Miljødirektoratet (entity) Verdas reinaste (entity)

📊 Metadata

Category: Klima og miljø, Næringsliv
OpenGraph Title: Klimatiltak og auka produksjon gir auka CO2-utslepp ved Boliden Odda
Twitter Title: Klimatiltak og auka produksjon gir auka CO2-utslepp ved Boliden Odda