Sommarskule søker unge forskarar: – Vi treng fleire som er nysgjerrige på teknologi og realfag
Plus
«Vår magiske planet» er tema for Forskerfabrikken sin sommarskule på Husnes i juni. No er søknadsportalen open.
Sidan Forskerfabrikken og Hydro Husnes starta sommarskule på Husnes har over 200 barn delteke. No er neste sommarskule open for påmelding, og i år går aktivitetane føre seg i veke 26 ved Husnes ungdomsskule. Den er for barn på 4.–6. trinn, og tilbyr ei veke med utforsking av naturvitskap gjennom praktiske aktivitetar, samarbeid og kreative utfordringar.
«Mange foreldre etterspør skjermfrie alternativ i ferien, og Forskerfabrikken sin sommarskule er eit populært tilbod. No er det berre få plassar igjen på kurset,» opplyser informasjonssjef Anders Vindegg i Norsk Hydro.
Under årets sommarskule lærer barna kva som gjer jorda unik og korleis vitskap kan bidra til ei meir berekraftig framtid.
«Dei får blant anna bygga sol-kokarar, utforska elektromagnetisme og undersøka liv i jordprøvar,» opplyser Vindegg.
«Mange trur kreativitet er noko ein anten har eller ikkje har, men det stemmer ikkje. Alle barn er kreative, og når dei får utforska og prøva sjølv, utviklar dei kreativiteten sin. Derfor legg vi stor vekt på både kreativitet og kunnskap på sommarskulen,» seier Hanne S. Finstad, grunnleggar av Forskerfabrikken, i same pressemelding.
Arrangørane legg ikkje skjul på at målet med sommarskulen er å auka interessa for realfag hos unge, og inspirera dei til å bli teknologar og forskarar i framtida.
«For å lukkast med det grøne skiftet og nå klimamåla, treng vi fleire som er nysgjerrige på teknologi og realfag,» melder Trude Sundset, teknologidirektør i Hydro.
Hydro og Statkraft inngjekk langsiktige kraftavtalar