Kom ikkje inn på utestad, gjekk laus på søppeldunk
Plus
Natt til laurdag kan operasjonssentralen melda om ein svært roleg natt på Voss og i områda rundt.
– Rett før halv tre måtte politiet snakka med ein godt rusa og sint mann i 20-åra. Han kom ikkje inn på ein utestad, og sparka ned ein søppeldunk i frustrasjon. Mannen roa seg ned etter kontakt med politiet og vart bortvist frå sentrum, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.
Elles er det ingen andre meldingar i loggen.
– Det har vore roleg i heile distriktet, så det verkar som om folk ligg på lading til nasjonaldagen, seier han.
Brannutrykking til sjukehuset i natt
June (42) tek over som leiar: – Gler meg veldig
Rasar: – Det er snart ikkje meir å leggja ned
🏷️ Extracted Entities (3)
Knut Dahl-Michelsen
(organization)
Vest
(entity)
Voss
(entity)