Herold

Redningsaksjon i Jotunheimen – person fall i bresprekk

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2026-05-15 16:26:56
Redningsaksjon i Jotunheimen – person fall i bresprekk

Store redningsmannskap er kalla ut.

SISTE: Like før klokka 19:30 vart ein mann stadfesta omkomen. Pårørande er varsla og blir følgt opp av kriseteam.

Klokka 17:18 fredag fekk politiet i Innlandet melding om ei fallulukke i Jotunheimen, nærare bestemt ved fjelltoppen Geite i Smørstabbtindan i Lom kommune.

Redningshelikopter, luftambulanse, politi og frivillige vart kalla ut. Redningshelikopteret landa i Sogndal på veg til området, truleg for å ta med seg mannskap frå NARG.

– Ein person sit fast i ein bresprekk, og ein annan i turfølgjet har varsla, opplyser operasjonsleiar Frode Øvreås.

Han stadfestar til GD at store redningsmannskap er tilkalla då turfølgjet ikkje har utstyr til å berga personen sjølv.

Men rundt klokka 18 får politiet melding om at eit anna turfølgje kom forbi og kunne hjelpa med å få vedkomande opp av sprekken.

Personen skal ha falle sju til åtte meter ned.

– Det har vore dialog med vedkomande og personane i turfølgjet undervegs, seier Øvreås til GD.

Skadeomfanget var først uavklart, men politiet skildra situasjonen som alvorleg.

Det vart utført hjarte- og lungeredning, men ulukka fekk tragisk utfall. Livet stod ikkje til å berga.

Mannen er frakta ut av fjellet og vil bli obdusert, opplyser politiet.

🏷️ Extracted Entities (9)

GD (entity) Jotunheimen (entity) Frode Øvreås (person) Geite (entity) Innlandet (entity) Lom (entity) NARG (entity) Smørstabbtindan (entity) Sogndal (place)