Herold

Eirik er tilbake på talarstolen: – Prisen for empati kan bli for høg

Plus
Kilde: RA Stavanger Author: André Jonassen Published: 2026-05-15 14:13:50
Eirik er tilbake på talarstolen: – Prisen for empati kan bli for høg

SV-politikaren er tilbake med andre reglar etter møtet med angsten.

  1. mars i fjor delte SV-politikar Eirik Faret Sakariassen at han var blitt sjukmeldt på grunn av panikkangst.

I januar vende han tilbake til politikken etter at han blei 50 prosent friskmeld. Då kom han tilbake med ein klar plan for at han skulle unngå å gå på same smell igjen.

– Første møteveke skulle eg berre sitje ved bordet og stemme. Andre møteveke skulle eg ta ordet og fremje forslag.

Han slutta å jobbe når han hadde jobba nok timar, i staden for å gjere seg ferdig med arbeidet.

– Eg lét e-postar ligge usvart til eg hadde kapasitet til å svare dei ut. Eg takka nei til fleire invitasjonar og er blitt strengare med kva eg deltek på.

Prisen for empati

Sakariassen forklarar at han har tenkt mykje på kvifor han blei sjuk av stress.

– Eg trur at å kjempe for andre òg tærer på eigne krefter.

Som folkevald får han mange førespurnader frå folk i vanskelege situasjonar, som forventar at han gjer noko med førespurnaden.

Han ønsker ikkje å stanse med det, men bli flinkare til å setje grenser.

– Prisen for empati kan bli for høg, og om ein blir utbrent og sjuk av stress, så er det ikkje verdt det.

Sakariassen har òg lært skilnaden på kva som gir han glede, og kva som gir han energi. Det er mykje han likar å gjere, som å halde talar og dra på konferansar, som samstundes syg krefter.

– Kvile, søvn og restitusjon gir energi. Det må ein òg sørge for å få nok av.

Angsten er framleis der

Sakariassen er betre, men angsten har ikkje forlate han heilt. Han får enno anfall, og han trur han vil halde fram med det i ein god stund til.

– Men eg håper det ikkje varer livet ut.

Han forklarar anfalla som ei bølge som han let skylje over seg.

– Det nyttar ikkje å stå imot, eg må berre flyte med. Alternativet er at bølga slår og slår og kreftene mine tappast. Då går ikkje angsten ned, den fortset berre å vare.

Heldigvis har Sakariassen for det meste ikkje panikkangst.

Måndag tok han for første gong sidan sjukmeldinga talarstolen i bystyret.

– Og det gjekk fint, seier han.

Han forklarar at han sakte jobbar seg tilbake, rosar seg sjølv når ting går godt, og prøvar å la vere å piske seg sjølv når han ikkje får ting til.

– Eg har låge forventningar til meg sjølv, og låg terskel for å stanse om belastningane blir for store.

Han delte erfaringane sine på eit arrangement for psykisk helse på Folkets Hus tysdag.

Video-reel

🏷️ Extracted Entities (2)

SV-politikar Eirik Faret Sakariassen (organization) Folkets Hus (person)