Har du funne fram paraplyen? Slik blir 17. mai-vêret
Plus
Om du vil halda bunaden tørr heile nasjonaldagen, kan det vera lurt å ta med seg ein paraply.
Vêrvarselet for 17. mai har endra seg mykje dei siste vekene, frå opphald og sol til nedbør og mørke skyer.
For å få siste vêrnytt for nasjonaldagen, slo vi difor på tråden til Meteorologisk Institutt.
– Eg har nyhende, men eg veit ikkje om du vil høyra det, sa vakthavande meteorolog Leonidas Tsopouridis innleiingsvis.
På rutinert vis dreia meteorologen det så over på dei positive nyhenda først.
– Det gode er at det i morgon (laurdag) blir ganske fint. 16–17 grader og opphald, sa han og fortsette:
– Det var ein pedagogisk måte å gå over til søndagen på. For her er det dårlegare nyhende.
Leonidas forklarte at det kjem eit lågtrykk i vest, som vil by på grått og vått vêr.
– Det gjeld frå natt til søndag og stort sett heile føremiddagen på 17. mai. Det er med andre ord veldig sannsynleg at vi kjem til å få regn, fortalde han.
Slik er programmet for nasjonaldagen i dei ulike bygdene
Han opplyste vidare at det ikkje er venta store mengder nedbør i løpet at føremiddag, og at byene i tillegg vil avta utover ettermiddagen.
– Andre gode nyhende er at det ikkje kjem til å blåsa mykje. Så om det skulle bli nødvendig med paraply, så kjem det til å gå fint å bruka denne. Som jo er bra sidan det er litt vanskeleg med regnjakke over bunaden, sa meteorologen.
Når det kjem til temperaturane på nasjonaldagen startar det ein stad mellom sju og åtte grader, før det utover ettermiddagen kan koma opp mot 12–13 grader. Då vert det òg litt lettare vêr.
– Men eg må seia at det framleis er ein viss usikkerheit om kor mykje nedbør som kjem. Det kjem ikkje meir enn det som er venta no, men vi håper at det kan koma mindre. Modellane våre viser at det kan bli litt tørrare, så vi får kryssa fingrane. Uansett er det nasjonaldag og berre god stemning, og det er det som tel mest.