Åpnet: Front-mot-front i Vågslidtunnelen mellom vogntog og bil stengte vegen i seks timer.
Plus
To personar som var i personbilen blir omtala som kritisk skadde.
Vest politidistrikt melde klokka 13:56 fredag at det har vore ei trafikkulykke på R134 i Vågslidtunnelen.
Det skal visstnok vere snakk om front-mot-front mellom bil og vogntog.
– Involverte personar skal vere vakne og medvitne. Skjedd inne i tunnelen, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.
Ulykka har skjedd i Sør-Øst politidistrikt, i Vinje kommune, like over grensa frå Vest politidistrikt. Det er sendt ressursar frå begge politidistrikta.
Alle naudetatane rykte ut til ulykka som framstår alvorleg.
Det var to personar i personbilen. Ein person var på eit tidspunkt fastklemd, men blei frigjort.
Dei blir omtala som kritisk skadde og er sende til sjukehus med luftambulanse.
Vegtrafikksentralen melde klokka 14:25 at tunnelen er stengd i begge retningar som følge av trafikkulykka. Det er venta å vere stengd lenge.
Seinare på ettermiddagen fredag opplyser politiet at Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden for å undersøke hendinga. Politiet arbeidet med å kartlegge hendingsforløpet.
Bilbergar er på plass på staden.
Førar av lastebilen er fysisk uskadd, opplyser politiet, som avhøyrer vitne til hendinga.
– Det framstår som personbilen har kome over i motgåande køyreretning. Ulykkesgruppa er på veg til staden for å undersøke hendinga. I forbindelse med undersøking på åstaden er det per no truleg at vegen er stengd til klokka 19:00, opplyser operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt klokka 16:55.
Kl 19.30 meldes det at vegen fremdeles er stengt og at opprydningsarbeid pågår.
Kl 20.58 meldes vegen åpnet.