Herold

Kraftig auke på Voss, men langt under landsgjennomsnittet

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marie Haga Published: 2026-05-15 22:05:00
Kraftig auke på Voss, men langt under landsgjennomsnittet

På PostNord-terminalane på Voss auka pakkevolumet med over ti prosent frå 2024 til 2025. Trass den store auken, er Voss framleis godt under auken på landsbasis.

PostNord har merka ein stor auke i pakkeleveringar landet over.

– Nordmenn handlar meir digitalt enn før, og mange har oppdaga kor komfortabelt det er å handla på nett frå sofakroken, seier Haakon Nikolai Olsen, pressesjef i PostNord Norge.

I 2025 handterte terminalen på Voss elleve prosent fleire pakker enn året før.

– Sjølv etter 100 år opplever me framleis sterk vekst. Det viser kor viktig logistikk og gode leveringsløysingar har blitt i kvardagen til folk, seier Terje Lid, manager på Voss.

På landsbasis hadde PostNord ein auke på mellom 30 og 35 prosent i det same tidsrommet, ifylgje NRK.

Rustar seg for framtida

Terminalen på Voss har i dag 13 tilsette, og dei leverer til om lag 45 ulike hentestadar og pakkeautomatar i regionen.

I år markerer PostNord 100 år i Noreg.

– Me er stolte over å vera ein del av norsk næringsliv over så mange år. Samstundes fortset me å utvikla tenestene våre for å møta behova til både kundar og mottakarar, seier Lid.

PostNord Norge handterer fleire titals millionar pakker kvart år, og selskapet investerer kontinuerleg i terminalar, teknologi og leveringsløysingar.

– Me har levert i 100 år – og rustar oss for dei neste 100, avsluttar Lid.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

Vart du fotografert av denne bilen i dag?

Her er «Frost» på plass: – Midt i blinken

🏷️ Extracted Entities (7)

Voss (entity) PostNord Norge (organization) Terje Lid (person) NRK (entity) Frost (entity) Haakon Nikolai Olsen (person) Noreg (entity)