– Ta vare på hunden din 17. mai
Plus
Mattilsynet oppmodar hundeeigarar til å vurdere behovet til husdyra sine 17. mai. Hunden bør sleppe folkemengder, høgt lydnivå og overveldande sanseinntrykk.
Store folkemengder, høg korpsmusikk, vaiande flagg og løpande barn kan utløyse stress og frykt hos hundar.
– Dei fleste hundar har ikkje føresetnad for å forstå at desse sterke sanseinntrykka ikkje er farlege. Når alle sansane til hunden blir trigga samstundes, kan det fort bli overveldande, og det er ikkje alltid lett for eigar å oppdage kor stressa hunden faktisk er. Syt for at hunden din får feire nasjonaldagen i rolege og kjende omgivnader, seier Nina Brogeland Laache, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, i ei pressemelding.
Ho fortel at det ikkje er uvanleg at hundar i folkemengder blir trakka på eller blir påkøyrde av barnevogner, ofte utan at eigar ser det eller rekk å hindre det.
Oppmodinga frå Mattilsynet er klar.
– For dei aller fleste hundar vil det vere best å vere heime i trygge omgivnader denne dagen. Du må sjølvsagt syte for at hunden din har fått ein god tur og nok stimuli før du går ut. Det er viktig at du som hundeeigar tek omsyn til behova til hunden også denne dagen, avsluttar Brogeland Laache.
(©NPK)